Hopp til innhold

Sjå bilde frå første dag av Midtsommerjazz

Irske Sinéad O'Connor fekk smake den kjølige vinden på Vestlandet, medan Motorpsycho blåste publikum av banen.

Første dag av Midtsommerjazz i Ålesund gjekk av stabelen fredag kveld, der Prestebrygga tidvis var nær full. Farmers Market opna ballet, før rutinerte Ole Pause tok over.

Klokka 21.00, presis, gjekk Sinéad O'Connor på scena – til stor jubel.

Sinéad O'Connor

Ein av mange telefonar som filma «Nothing Compares 2 U» like over midtvegs i Sinéad O'Connor-konserten.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Filmfest på Prince-gjennombrotet

Publikum vaia og heldt rundt kvarandre, frå start til slutt. Roleg song frå dei frammøtte følgde hakk i hel.

Då gjennombrotslåten, coverversjonen av Prince-låta «Nothing Compares 2 U», byrja, dukka ei større mengd kameratelefonar opp i luftrommet over hovuda til publikum.

Konserten med O'Connor var – som så mange andre artistar live – langt meir rocka, noko det godt vaksne publikum såg ut til å fint fordøye.

Stemma til den snauklipte rebellen frå Irland var uansett kraftig nok til å nå både til og over Brosundet, og valuta for pengane i seg sjølv.

– Aldri vore stor Motorpsycho-fan, men ...

Det var store forventningar knytt til avslutningsbandet fredagskvelden. Favoritten til dei djupt, djupt musikkreligiøse, Motorpsycho frå Trondheim.

Motorpsycho-fans

Kai Johnsen (t.v.) og Svein Erling Linge var fornøgde etter Motorpsycho-konserten, trass i at Linge sakna nokre 90-talslåtar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

O'Connor i hardt format kunne alle svelge. Då djup bass frå Bent Sæther, drivande og hard gitar frå «Snah», svært hardtslåande og progressiv tromming frå Kenneth Kapstad, toppa med eit jazza og elektronisk pianoelement frå Ståle Storløkken, ja, då blei det for mykje for nokre av dei eldste.

«Dette blir for mykje bråk», overhøyrte underteikna frå eit par i 50-åra. Samstundes stod ein større gjeng heilt fremst med lukka auge.

To kameratar, i Kai Johnsen og Svein Erling Linge, var litt usamde etter enda konsert.

– Njei, eg er ikkje heilt fornøgd. Eg saknar nokre låtar frå 90-talet, seier Linge – Motorpsycho-fan gjennom to tiår.

– Eg har aldri vore så stor Motorpsycho-fan, men live var det fantastisk. Eg likte det, fortel Johnsen til NRK.

På dag to av Midtsommerjazz spelar Beady Belle, Jamie Cullum og Bugge Wesseltoft.

Bent Sæther

Bent Sæther og Motorpsycho skapte begeistring under Midtsommerjazz.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL