NRK Meny
Normal

Sivilforsvaret: Lyttar etter lydar i fjellet

Dei har lytta etter lyder frå fjellet Mannen. Sivilforsvaret i Rauma var i natt på plass, og deira viktigaste oppgåve har vore å lytte til lydane frå fjellet.

Sivilforsvaret passer på Mannen

Sivilforsvaret fordeler arbeidsoppgåver ved sperringane i Rauma.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fjellet Mannen i Rauma før skredet

Det er venta at skredet frå fjellpartiet ved Mannen kan gå når som helst.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Sivilforsvaret passer på Mannen i Rauma

Det regnar tett utanfor teltet til Sivilforsvaret.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Elin Malones

Elin Malones har vore i Sivilforsvaret i 30 år.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Caroline Gjerde Hovde i Sivilforsvaret

Caroline Gjerde Hovde er heilt fersk og var ferdig med opplæring denne våren.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Kart over skredområdet til Mannen hos Sivilforsvaret

Eit stort område er sperra av. Sivilforsvaret har ansvar for at ingen går inn i området.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Sakte, men sikkert lener fjellet seg ned mot dalen. Dei siste dagane har farta eskalert, og det er venta at skredet kan gå i løpet av tysdagen. Og det er venta at fjellet sjølv skal seie frå når det nærmar seg eit skred.

Geologane ventar at rørslene vil bli gradvis større. Så vil steinar losne og rulle nedover fjellsida. Det er dette dei lyttar etter.

Skal lytte og skildre

– Vi skal høyre etter og skildre det vi høyrer, seier Elin Malones, som er i Sivilforsvaret på 30. året.

Sivilforsvaret har ingen politimynde, men skal varsle politiet dersom noko er i ferd med å skje.

Regnet har hølja ned utanfor teltet, men av og til har dei likevel blitt nøydde til å gå ut. Då går dei rundar for å høyre etter knaking i fjellet. Men mesteparten av vakta går med til å sitje inne i teltet – med spissa øyre.

Vanskeleg å lytte i regn


Både i går kveld og i natt har det falle store mengder regn over fjellpartiet i Rauma. Meteorologane melder om 8 millimeter nedbør frå midnatt til klokka 06.

– Regnet har gjort det vanskelegare å få med seg lydane, men når fjellet nærmar seg eit skred, då høyrer ein det nok, seier Malones. Måndag kveld sat ho vakt saman med Caroline Gjerde Hovde og Knut Farstad.

Sivilforsvaret blir ofte tilkalla når det er brannar, snøskred eller leiteaksjonar, og hjelper politiet i større saker. Ingen av dei har vore skredvakt før, men oppdraget er greitt. Ingen av dei er redde, men berre spente på korleis skredet blir når det først kjem.

– Det er klart der er spennande, seier Malones.