Hopp til innhold

Siv leiger seg geiter for å få bort kratt

Fire geiter har fått sommarjobb i hagen til Siv Torheim på Sunnmøre. Ny teknologi gjer at geitene ikkje stikk av til naboen.

Siv Torheim med ein geitekilling

Siv Torheim har leigd fire geiter som skal beite på naturtomta hennar. Klaven som heng rundt halsen til geitekillingen set grenser for kvar han kan gå.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På naturtomta nedanfor huset til Siv Torheim i Skodje står fire geiter og tygg og tygg. Det er ingen fare for at dei skal gå tom for mat med det første. Då Torheim fann ut at ho kunne leige seg geiter, vart ho i ekstase.

– Tidlegare har eg hyra inn folk for å hogge ned skogen, men no har det blitt reinaste jungelen her, ler Torheim. Det er to veker sidan geitene vart frakta til byggefeltet på Sunnmøre og det har allereie blitt mykje opnare i det tette krattet.

Får støyt om dei går over grensa

Ny teknologi gjer at Torheim slepp å bekymre seg over at geitene skal ete opp hageblomane hennar eller stikke av til naboane. Området dei går i er ikkje innegjerda, men klavane geitene har rundt halsen set grenser for kvar dyra får gå.

Når geitene går utanfor fastset område, får dei lydsignal og vibrasjon frå klaven. Lyden vert sterkare og sterkare og dersom geitene ikkje snur, får dei straum. Straumen er svakare enn dei hadde fått frå eit straumgjerde.

Maren Stette med geitebukk

Geitebonde Maren Stette har planar om å leige ut fleire geiter neste år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lærer fort

Det er Simon Lindset og Maren Stette som eig geitene. Klaven har GPS-signal og via mobilen programmerer bøndene kvar geitene skal gå.

– Dei beste geitene får ikkje støyt. Dei lærer seg fort kva lyden betyr, seier Stette. Paret har 60 geiter og brukar hagen til Siv som prøveprosjekt. Dersom dei fire geitene gjer ein god jobb og klaven fungerer fint, kjem dei til å leige ut fleire geiter neste sommar. Dei har allereie folk på venteliste.

Slit med attgroing

Det er firmaet Nofence som har utvikla den elektriske klaven. Klaven kom ut i kommersielt sal i vår og vert brukt av 2500 geiter. Dagleg leiar, Erik Harstad, trur klaven gjer det lettare for bønder å leige ut dyra sine for å pleie kulturlandskapet.

– Mange slit med attgroing av landskapet. Også kraftselskapa har oppdaga at dei kan leige dyr til å rydde, seier Harstad.

Vil ha sjøutsikt

På Stette blir Torheim populær når ho kjem med ei bøtte med kraftfor. Foret brukar ho som lokkemiddel dersom geitene kjem litt ut av kurs. Det kan skje dersom GPS-signalet vert forstyrra av til dømes torever.

Ho aner ikkje kor lenge dei fire geitene må beite for å oppfylle draumen hennar.

– Eg håper all skog forsvinn, så eg får utsikt til sjøen, seier Torheim.

Siv Torheim matar geitene med kraftfor

Torheim har kraftfor som lokkemiddel dersom geitene kjem ut av kurs. Det kan skje dersom GPS-signalet på klavane vert dårleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK