Hopp til innhold

Siv Jensen blir gudmor for vestlending

Den 113 meter lange «African Inspiration» skal i starten av november døypast på Sunnmøre.

Siv Jensen - finansminister

Finansminister Siv Jensen kjem 6. november til Fosnavåg for å vere gudmor for skipet «African Inspiration».

Foto: Rune Kongsro

I starten av november kjem finansministeren til Fosnavåg på Sunnmøre for å døype Havyard sitt nybygg.

Skipet «African Inspiration» er bestilt frå Nigeria.

5. november blir skipet levert til reiarlaget frå Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn, og dagen etter skal skipet døypast og feirast i Fosnavåg.

Design frå Sunnmøre

Eit Havyard 857 Subsea IMR (Inspection Maintenance and Repair) skal brukast til installasjon, vedlikehald og reparasjon av oljeinstallasjonar på havbotnen.

Skipet er designa av Havyard Design & Solutions i Fosnavåg og bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn.

Godt samarbeid

Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group og administrerande direktør Taofik Adegbite i Marine Pl

Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group og administrerande direktør Taofik Adegbite i Marine Platforms har utvikla eit godt samarbeid og vennskap som kan gi nye mogelegheiter framover.

Foto: MPL

Kontrakten Havyard inngjekk med Marine Platforms er den første på levering av skip frå eit norsk verft til eit afrikansk reiarlag på veldig mange år.

– Då eg møtte Taofik Adegbite, som er gründer, eigar og administrerande direktør i Marine Platforms, fekk eg eit godt inntrykk frå første stund, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.

Konsernsjefen tur at dei vil kunne få til endå meir saman med Marine Platforms, og i den afrikanske marknaden vidare.

Stramt program

Finansminister Siv Jensen har som vanleg lagt opp til eit stramt program på reisa si til Fosnavåg.

Konferansen, som er planlagt om bord i «African Inspiration», startar med eit innlegg frå Siv Jensen og vil vidare ha som fokus kva mogelegheiter det er for norske bedrifter i oljenæringa i Nigeria.

Deretter skal Jensen vere Gudmor og døype «African Inspiration», før ho rundar av Sunnmørsbesøket med å møte nokre av dei lokale bedriftene.

African Inspiration av Havyard Group ASA

«African Inspiration» skal til Vest-Afrika etter den er døypt.

Foto: Illustrasjon FireGrader