Torsdag 19. mai 2016 blei ein merkedag for den erfarne fjellklatraren Siv Harstad (45) frå Gjemnes. Då blei ho den første norske kvinna som meistra fjellet frå sørsida.
Men no har dramatikken overtatt den eventyrlege ferda i Nepal. For i det ho kom på toppen, blei ho snøblind, og kan dermed nesten ikkje sjå. Det kan bli fatalt, seier den norske kontaktpersonen hennar, Guri Anne Hansen.
Guri Anne Hansen karakteriserer det som veldig dramatisk at venninna har blitt snøblind på toppen av Mount Everest.
Foto: privat– Ho kjempar ein kamp for å klare det, seier Hansen.
Då det blei klart kor alvorlege vanskar nordmørskvinna hadde hamna i, blei det torsdag sendt opp ein ekstra klatresherpa. To av dei mest erfarne nepalske klatrarane kjempar no for å hjelpe henne trygt ned.
Skal ned 600 meter høg isvegg
Den største utfordringa fredag er å klare å kome seg ned ein 600 meter høg isvegg, utan å sjå skikkeleg. Natt til fredag klarte ho ved hjelp av to klatrarar å ta seg ned frå toppen til den øvste campen, men framleis er det mange tusen meter ned igjen.
– Det er jo alvorleg, for du ser ikkje og synet er sjølvsagt ekstremt viktig. Det er smale stigar over bresprekkane, og du har stegjern på beina, så du må vite på centimeteren kvar du skal stige for å unngå å misse balansen og tippe utanfor, forklarer Hansen.
Første norske frå sør
Mount Everest er ein magnet på fjellklatrarar frå heile verda, men over 250 menneske har døydd på veg opp eller ned det nesten 9000 meter høge fjellet.
Siv Harstad er den første norske kvinna som har klatra Mount Everst frå sørsida. Ålesundskvinna Cecilie Skog klatra den andre ruta i 2004, og var den gongen den andre norske kvinna på verdas høgste fjell. Også den gongen var det vanskeleg, men truleg ikkje så dramatisk som no.
Guri Anne Hansen, er norsk kontaktperson for Harstad, og var sjølv på Mount Everest i fjor. Då forsøkte dei to klatrevenninnene å nå toppen for første gong, men blei stoppa av det dramatiske jordskjelvet der over 7000 menneske miste livet.
I år er Hansen heime - og følgjer dramaet tett.
Siv Harstad på toppen av Kilimanjaro hausten 2015. Planen er å dra dit som guide igjen neste månad.
Foto: privat– Ho treng alt ho har av styrke sjølv for å få dette til, seier ho.
Håper å vere nede igjen laurdag
45-åringen har vore på mange krevjande fjelltoppar dei siste åra, og er vand med tøffe utfordringar. No står ho kanskje framfor den tøffaste, når ho skal ta seg ned frå verdas høgste fjell utan å sjå. Håpet er at nordmørskvinna skal vere trygt nede igjen frå verdas høgaste fjell laurdag.
NRK har fredag vore i kontakt med familien til Siv Harstad. Dei ønskjer førebels ikkje å kommentere saka.