Situasjonen i Sula er avklart

Politiet har no dratt frå området ved Remane i Sula der det tidlegare i kveld var ein trafokiosk som kortslutta. – Det var meldt om røykutvikling i kiosken, men situasjonen er avklart, sutan at det blei noko branntilløp, opplyser operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck i politiet til NRK. For kort tid sidan fekk delar av Langevåg fått att straumen, opplyser Mørenett.