Hopp til innhold

Sit varetektsfengsla

Den austeuropeiske langtransportsjåføren, som er sikta for vald etter ei hending ved Digernes i Ålesund natt til 1. nyttårsdag, sit framleis varetektsfengsla. Måndag vil det truleg bli tatt ei ny vurdering av varetektsfengsling. Det seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet.

– Saka blir etterforska av politiet og det har vore gjennomført nokre avhøyr i dag og innsamling av bevis, seier Mork.

Ein annan mann blei køyrd til Ålesund sjukehus med skader i hovudet og overkroppen etter hendinga. Han skal vere alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Politiet har forsøkt å avhøyre mannen i dag.

Begge dei involverte skal ha stått parkert på parkeringsplassen for yrkessjåførarar på Digernes. Det er så langt uklart kva det var som utløyste valden. Ifølge Mork i politiet skal det ikkje ha blitt brukt våpen i hendinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL