NRK Meny
Normal

Sit igjen med tomme smykkeskrin etter at tjuvane kom

Annbjørg Osnes (65) i Ulstein kan sjå langt etter dei verdifulle smykka sine og bryllaupsgåvene. Politiet har førebels ikkje funne ut kven som har slått til mot fire ulike huseigarar på høglys dag.

Annbjørg Osnes

Skrina med verdifulle smykke er borte. No forsøkjer ho å skrive ei liste over alt som er borte etter at tjuvane gjekk gjennom skuffer og skap.

Foto: Bente Anita Pilskog

Alt sølvtøyet er borte og mange verdifulle smykke. Annbjørg Osnes i Ulstein skulle berre ut ein tur på torsdag, og sette eitt vindauge på klem. Då ho kom heim såg ho med ein gong at tjuvar hadde vore på ferde.

Dei hadde tatt seg inn gjennom soveromsvindauget og gått gjennom alle skuffer og skap. Det er veldig trist, seier Osnes.

Flytta heim for å få fred

Annbjørg Osnes

Denne skåla brukte ho å leggje smykka sine i på badet. No er ho tom, etter at tjuvane var på ferde.

Foto: Bente Anita Pilskog

Ho flytta heim frå Oslo til Ulsteinvik for to år sidan for å få ro og fred, og har slått seg ned i Ulsteinvik sentrum. Men denne veka blei ho eitt av offera for tjuvane som truleg har slått til mot tre andre i Ulstein. Det første innbrotet skjedde like ved Høddvoll onsdag, torsdag var det eitt i Varleite og eitt på Haddal. Det fjerde skjedde heime hos Osnes.

– Det gjekk veldig greitt torsdag, så vakna eg fredag og var kvalm og sint. No er eg mest oppgitt eller apatisk, seier ho, og legg til at ho kjenner klumpen i brystet.

Etterlyser to menn

Annbjørg Osnes

Slik såg det ut då Annbjørg Osnes kom heim frå tur torsdag ettermiddag. Då hadde tjuvane tatt seg inn soveromsvindauget hennar.

Foto: Bente Anita Pilskog

Politiet veit ikkje om det er samanheng mellom innbrota, men har bedt om hjelp til å finne to mørkhåra menn, som blei observert i bustadfeltet Varleite torsdag.

65-åringen er imponert over politiet, som kom så snart ho hadde meldt frå.

– Dei kom utruleg fort, fire personar, og gjorde grundig arbeid, det er eg imponert over, seier ho, men legg til at ho ikkje trur dei vil klare å løyse saka.

– Dei som har gjort det er nok over alle haugar for lengst, sukkar ho.