Hopp til innhold

Sit framleis varetektsfengsla

Litauaren som nyleg fekk oppheva ein dom på over fem år for valdtekt må framleis sitje i fengsel. Det melder Sunnmørsposten. Litauaren fremja krav om å bli frisett etter at dommen vart oppheva, men må sitje i varetekt i ytterlegare i åtte veker ifølgje avisa. Ein av grunnane er at det er fare for at mannen vil prøve å kome seg unna straff om han blir sett fri. Saka skal behandlast på nytt i tingretten i veke fem neste år. Det var tvil rundt tolkinga av eit politiavhøyr som var grunnen til at dommen vart oppheva. Valdtekta skal ha skjedd på Søre Sunnmøre i fjor sommar. To andre personar vart frifunne for gruppevaldtekt i januar i år.