NRK Meny
Normal

Siste VM-sjanse for Live (17)

Etter ein tabbe av arrangørane i Belgia blir det svært vanskeleg for friidrettsutøvaren Live Solheimdal frå Molde å kvalifisere seg til VM. Men ho har ikkje gitt opp. På torsdag får ho sin siste sjanse.

Etter ein tabbe av arrangørane i Belgia blir det svært vanskeleg for friidrettsutøvaren Live Solheimdal frå Molde å kvalifisere seg til VM. Men ho har ikkje gitt opp. På torsdag får ho sin siste sjanse.

Live Solheimdal går for VM-kravet på 16.40 på Bislett torsdag.

Det er 5000-meteren i junior-VM i Eugene, USA ho hadde sett seg ut. No har ho éin sjanse igjen, torsdag 10. juli på Bislett.

Live Solheimdal

Live Solheimdal blei offer for ein arrangørtabbe i Belgia laurdag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Skal eg springe i Oslo så skal jo også ho Astrid Uhrenholdt Jacobsen stille til start. Så blir det litt spennande for meg å henge på ho. Det blir artig å sjekke korleis eg ligg an mot eliten der òg, seier Live Solheimdal.

Ho førebur seg så godt som råd til den siste kvalifiseringssjansen, men ho kunne kanskje allereie vore kvalifisert.

Arrangørtabbe av dimensjonar

Solheimdal er eit stort friidrettstalent i Noreg, og laurdag skulle 17-åringen prøve seg på VM-kravet i Belgia. Arrangøren øydela derimot dagen.

– Nei, altså, med ein gong eg såg starten gjekk ... tårene rann. Eg blei kjempelei meg, rett og slett, fortel ho.

Det var derimot lite som kunne gjerast. Starttidspunkt for 5000-meteren hadde blitt flytta to timar fram. Nytt tidspunkt var 23.30. I staden gjekk løpet 23.13 – trass i at Solheimdal og støtteapparatet hadde fått gjentekne forsikringar om starttidspunkt.

– Dei beklaga seg jo, og eg må jo berre tilgi. Komme over det og satse vidare, det går ikkje an å henge seg opp i noko slikt, meiner Solheimdal.

Éin av to sjansar til å kvalifisere seg rauk. No blir den mentale styrken sett på prøve før torsdagens løp.

– Må sjå moglegheitene

Knut Anders Fostervold

Knut Anders Fostervold trur på 17-åringen.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

16 minutt og 40 sekund er VM-kravet.

Tidlegare Molde-spelar, proffsyklist og O2-opptaksmonster Knut Anders Fostervold meiner mange ting må stemme.

– Ein må ikkje bli for spent, både mentalt og fysisk er det ting som kan avgrense, seier Fostervold.

Han er derimot tydeleg på at han trur på 17-åringen.

– Ein må sjå moglegheitene, klinke til og tenkje at dette skal du klare. Så får du fasiten etterpå.

For Live Solheimdal kjem fasiten torsdag på Bislett.