8. september 2011 klokka 12.30 sprenger forsvaret bardunane som vil få masta til å velte. Dermed er det Molnesfjellet på 122 meter over havet som blir Vigras høgste punkt.
Dyster stemning
Vigramasta foreviga av NRKs fotograf 7. september 2011. Snart er ho historie.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKDet er som om vêret varslar det som skal skje. Skodda omkrinsar masta og skaper ei trolsk og dyster stemning på den flate øya på sunnmørskysten.
Dei som skal ut på sitt siste oppdrag i masta gjer seg klar til å ta ned markeringslyset som står på toppen av masta. Det er bratt og trongt. Men Runar Eidslott har ingen problem med å kome seg til topps.
– Det er litt trongt der vi skal gå opp, men elles er det meir som ei vanleg trapp, seier Eidslott, som har fått med seg kamera frå NRK for å forevige siste turen til topps.
Sjå den luftige siste turen:
Runar Eidslott på veg opp Vigramasta for siste gong.
Masta skal bort
Jørgen Taule, Kommunikasjonssjef i Norkring AS er sikker på at Vigramasta dett rett veg i morgon.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKMasta har vore eit problem for flytrafikken på Ålesund lufthamn, Vigra i årevis. Dermed er det ikkje alle som synest det er like trist at landemerket forsvinn i morgon.
Men prosjektet med å få masta ned er krevjande. Spesielt viktig er det at masta dett rett veg.
– Akkurat det er vi ganske trygge på. Det som er spennande er å sjå om ho knekk i fleire bitar, seier kommunikasjonssjefen i Norkring, Jørgen Taule.
Variert arbeid
Signaturen til dei to siste som gjekk opp 'trappene' er på plass.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKSiste turen til topps i masta går mot slutten. Det er varmt inne i den tronge trappeoppgangen, men varmen blir det brått slutt på.
– Du blir god og varm inni der, men når vi opnar opp luka på toppen, då blir det ein brå overgang, kan du seie, rapporterer Runar Eidslott frå masta.
Vel oppe startar siste oppdrag for to modige menn. Men Eidslott har tid til ein rapport til NRK også.
– Når eg heng her oppe ser eg heile den flate Vigra. Eg ser flyplassen. Den verkar ganske nær. Eg forstår godt at denne masta har vore eit problem for luftfarten, seier Eidslott.