Siste nytt om streiken i SAS

Streiken i SAS påverkar også flytrafikken i Møre og Romsdal. Per no er avgangen klokka 09.25 frå Kristiansund til Oslo og 09.00-flyet til Kristiansund frå Oslo innstilt. Ved Ålesund lufthavn Vigra er avgangane til Trondheim 08.30, Oslo 09.15 og Bergen 11.15 innstilt. Det same gjeld flya til Ålesund frå Bergen og Stavanger klokka 08.10, og Oslo 08.45 og Trondheim 10.55. Så langt er ingen fly til og frå Molde lufthavn, Årø, påverka av streiken.