Siste godstog på Raumabanen

I kveld køyrer det aller siste godstoget på Raumabanen frå terminalen frå Åndalsnes. Green Cargo har bestemt seg for å legge ned godskøyringa på Raumabanen på grunn av dårleg lønnsemd. Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, synest det er trist. – Vi skulle gjerne unngått at dei legg ned, men vi skal jobbe hardt for å prøve å få godstrafikken i gang igjen på Raumabenen. Vi håper mellom anna at det kan kome støtteordningar slik at fleire kan bli freista til å starte opp, seier han.