
Guttorm Kjelsvik (Foto: NRK)
Landbruksmuseet ønskjer ikkje å bli underlagt museet i Molde, og mindretalet opna for forhandlingar med Sunnmøre museum.
Styreleiar ved landbruksmuseet, Guttorm Kjelsvik, er svært skuffa, og meiner vedtaket er eit narrespel. Han meiner at mange av dei som uttaler seg viser at dei framleis ikkje har sett seg inn i saka.
– Har gjort det vi kunne
Leiar i kulturutvalet, Frøydis Austigard, seier dei vil gje Landbruksmuseet ein siste sjanse til å ta kontakt med Romsdalsmuseet igjen i håp om at der skal vere ein liten sjanse til for å løyse saka.

Frøydis Austigard (Foto: NRK)
– Då synest vi at vi har gjort det vi kunne på noko vis. Austigard seier ho ikkje vil gje opp før den fristen er passert.
– Det har vore forferdeleg, og vi er alle taparar, seier ho.
Nektar å godta utkasting
For ein månad sidan vedtok kulturutvalet at Stiftinga Landbruksmuseet måtte flytte frå Gjermundnes i løpet av året og at Møre og Romsdal fylke skulle overta bygningane og starte nytt museum saman med Romsdalsmuseet.
– Vi vil under ingen omstende akseptere eit fylkestingsvedtak der vi blir kasta ut, seier Guttorm Kjelsvik.
Dersom ikkje ein høgare instans enn fylkestinget grip inn så det kan bli ei løysing, så vil styret i Landbruksmuseet vurdere å deponere samlingane hos eit anna museum i Noreg.
Dei har blant anna vore i kontakt med det nasjonale museet på Ås, og det er mest aktuelt, seier Kjelsvik.
Rettssak?
Fylket må gå truleg gå til rettssak mot Landbruksmuseet for å greie å kaste dei ut. Styreleiar Guttorm Kjelsvik er ikkje nådig i sin kritikk av saksbehandlinga.
– Det har vore ein farse, seier Kjelsvik.