Hopp til innhold

Farvel etter eit intenst år på folkehøgskule

Over heile landet har elevar frå folkehøgskulane tatt avskjed med kvarandre. Tårer og klemmar prega dagen på Borgund Folkehøgskule i Ålesund i dag.

Siste skuledag på Borgund folkehøgskole

Det er ikkje lett å ta farvel med gode vener ein har fått i løpet av året. På Borgund folkehøgskule var det mange som tok til tårene i dag.

Foto: Knut Staale Loevoll Thomassen

Vilde Sætre og Idun Stabel

Det var eit tøft farvel for Vilde Sætre og Idun Stabel. Dei har blitt gode vener på folkehøgskulen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I gangen ved utgangsdøra på Borgund Folkehøgskule i Ålesund står Vilde Sætre og Idun Stabel i joggebukser og slippersar og klemmer på kvarandre. Dei skal ta farvel og reise kvar til sitt etter å ha vore på folkehøgskule i lag i eitt år. Tårene renn.

– Vi har blitt bestevenner og det er trist at vi ikkje kjem til å sjå kvarandre kvar dag meir, seier Vilde gråtkvalt. Dei har mange opplevingar saman, alt frå toppturar på fjellet, friluftsliv og reiser.

Intenst år

Over 7000 ungdommer er elevar ved 80 folkehøgskolar i Noreg. Dei fleste folkehøgskulene har ei nedre aldersgrense på 18 år. I dag var det siste dag for mange skular rundt om i heile landet.

Eit år på folkehøgskule kan opplevast intenst og sterkt. I gangen kryr det av gråtande elevar. På parkeringsplassen utanfor ventar foreldra tolmodig i bilane, medan elevane tar farvel med kvarandre.

Avslutning for Borgund folkehøgskule

Tradisjon tru er det avslutningfest med bunad og finstas på Borgund folkehøgskole.

Foto: Knut Staale Loevoll Thomassen

Eit lite liv

I døra står ein som har opplevd desse scenene før.

Knut Ståle Løvoll Thomassen er lærar. For 25 år sidan var det han som tok avskjed med sine klassekameratar på folkehøgskule. Han har blitt vand med desse avskjedscenene og synest dei er fine.

– Det er eit heilt år, eit lite liv, som skal teljast opp i tårer og ord. Det brukar elevane mykje energi på, seier læraren.

Han meiner denne siste dagen er klimakset på skuleåret. I 10 månader har 108 elevar levd tett saman.

Tøffe gutar gret

Det er ikkje berre jentene som gret. Også tøffe gutar tørker tårer, men Petter Olimb er forbi gråtestadiet. Han har site i 36 timar i strekk og skrive i minnebøkene til medstudentane.

Knut Ståle Løvoll Thomassen

Knut Ståle Løvoll Thomassen er lærar ved Borgund folkehøgskule. Han veit korleis det kjennast å ta farvel. For 25 år sidan var det han sjølv som var folkehøgskuleelev.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg har sagt noko om kva vi har opplevd saman og kva eg set pris på med personen og kva eg håper personen tek med seg vidare, seier Olimb.

Geir Ivar Sørnes er også elev ved Borgund folkehøgskule. Han grur seg til morgondagen.

– Det kjem til å bli stille framover, i alle fall i byrjinga, seier Sørnes.

Vart kjærestar

For Jonas Lysnæs-Larsen kjennast kanskje ikkje livet så tomt etter endt skule, sjølv om det er trist. Han fekk seg kjærast i løpet av skuleåret. Kornelia Endresen er frå Kristiansand og han frå Skien. Dei skal køyre heim att saman.

– På bilturen skal vi lese alle årbøkene og helsingane frå folk, seier Kornelia.

Jonas Lysnæs-Larsen og Kornelia

Jonas Lysnæs-Larsen og Kornelia Endresen vart kjærestar i løpet av skuleåret.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK