Sirkusdirektøren fekk sjokk då akrobaten fall

– Det er tragisk når slikt skjer, seier direktør Jan Ketil Smørdal ved Circus Agora. Fredag fall ein mannleg sirkusartist sju meter under ei førestilling.

Jan Ketil Smørdal i Molde

Under Circus Agora sin jubileumsturné fall éín av artistane frå sju meter då det var førestilling i Molde. Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal fortel at han fekk sjokk då han oppfatta kva som hadde skjedd.

Foto: Vidar Ryther Myklebust / Romsdals Budstikke

Det enda med sjukehus for den uheldige sirkusartisten då Cirkus Agora besøkte Molde fredag. Midt under førestillinga fall mannen sju meter og også ein tilskodar vart skadd då han fall. Direktøren sjølv stod bak teppet og skulle gjere seg klar til sitt eige nummer då ulykka skjedde.

– Eg fekk heilt sjokk der eg stod, seier Jan Ketil Smørdal.

Heldt fram med førestillinga

Noko av det første sirkusdirektøren tenkte på då han kom ut i manesjen var korleis han skulle vareta publikum på ein best mogleg måte. Etter at artisten hadde blitt henta av ambulansepersonell gjekk førestillinga vidare.

– Etter nøye vurdering heldt vi fram med førestillinga og det er eg glad for at vi gjorde, seier Smørdal. Dagen etter prøver han å kome i kontakt med personen i blant publikum som fekk kuttskade.

Ulykke på Cirkus Agora-forestilling i Molde

Politiet rykte ut då dei fekk melding om ulykka klokka 19.25 fredag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Svikt i utstyret

Artisten var innleigd på kontrakt og ifølgje sirkusdirektøren var det svikt i artisten sitt utstyr som førte til fallet. Sirkusdirektøren meiner at sidan artisten var innleigd, har han sjølv ansvar for sitt eige utstyr, men Cirkus Agora jobbar med å finne ut den nøyaktige årsaka til arbeidsulykka.

I tillegg vil Arbeidstilsynet følgje opp saka med tilsyn i sirkuset. Tilsynsleiar Tore Jeppe Sørhaug seier at dei ikkje har sett seg inn i alle detaljar enno. Når dei gjer slike ulykkestilsyn ser dei på kva ansvar sirkuset har som arbeidsgivar og om tryggingstiltaka er gode noko.

– Sirkus er ein spesiell arbeidsplass. Vi skal no finne ut om det trengst tiltak for å forhindre at det skjer igjen, seier Sørhaug. Han seier at Arbeidstilsynet ser på alle skader og uhell på arbeidsplassar som alvorlege.

Ifølgje Romsdals Budstikke var det rundt 250 publikummarar rundt sirkusmanesjen då artisten fall. Éin publikummar sa til avisa at ulykka skjedde i løpet av eit nummer der mannen balanserte på ei stong som gjekk frå bakken og opp i lufta.

Skadar i ankelen

Medan sirkusartisten framleis er innlagd på sjukehus med skadar i ankelen, held Circus Agora fram med turneen sin. Sirkusnummeret til den skadde sirkusartisten har blitt erstatta av eit anna til mannen er tilbake. Smørdal meiner dei trass alt har vore heldige, etter 30 år på vegen.

– Det er ikkje første gong noko slikt skjer i sirkusbransjen, men eg håper det er den siste for vår del.