Hopp til innhold

Sindre (19) var livredd for høgder – no er han klatreguide

Mange går glipp av fine naturopplevingar fordi dei har høgdeskrekk. Men det finst håp, lovar psykolog Øyvind Haaseth.

Sindre Navelsaker

Sindre Navelsaker har sommarjobb som klatreguide i Via Ferrata-ruta på byfjellet Aksla i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Sindre Navelsaker guidar ei gruppe oppover den bratte fjellsida på byfjellet Aksla i Ålesund. Han gir trygge råd, og ser ut til å kose seg med sommarjobben sin. Dette var utenkeleg for nokre år sidan.

– Eg var livredd høgder. Adrenalinet pumpa, eg begynte å skjelve og det blei kaos i hovudet, fortel han.

Men så tok onkelen han med i buldrehallen i Ålesund. Buldring er klatring i korte vegger, utan tau. Først var det veldig skummelt, men også veldig gøy. Sindre berre måtte prøve vidare, sjølv om adrenalinet pumpa og alt i han skreik at dette var farleg.

Held kurs

Psykologen Øyvind Haaseth er også oppvaksen i Ålesund. Byen med utsikt til dei ville og vakre Sunnmørsalpane. Han arbeider til vanleg som seksjonssjef ved Distriktspsykiatrisk senter Nedre Romerike.

Psykolog Øyvind Haaseth

Psykolog Øyvind Haaseth.

Foto: Privat

I tillegg har han i over 20 år halde kurs der han lærer folk å overvinne høgdeskrekk, slik at dei kan ha fine naturopplevingar. Høgdeskrekk er ein av dei vanlegaste fobiane vi har.

– Dette handlar om dei som er friluftsinteresserte, men som er veldig hemma av høgdeskrekken. På grunn av dette får dei ikkje reist på turar med familie og venner, eller det er sterkt avgrensa kor dei kan reise, fortel han.

Haaseth meiner mange kan få nokre gode verktøy til å takle høgdeskrekken gjennom kursa han held. I ein forskingsartikkel i Tidsskrift for Norsk psykologiforeining, slår han fast at dei aller fleste har hatt god nytte av eit tredagars kurs, og folk blir også betre av kurs på ein dag.

Bladet i Molladalen

Det er ikkje lurt å starte med dei kvassaste tindane, som her på Bladet i Molladalen på Sunnmøre, om du vil overvinne høgdeskrekken.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Psykologen har nokre gode råd til dei som vil øve på å takle høgdeskrekken sjølve:

Start med så lite ubehag som råd

– Det er viktig å utfordre seg sjølv, men gå steg for steg. Ikkje start med dei største høgdene. Likevel er det viktig at ein er villige til å ta ubehaget innover seg. Då vil du merke at kroppen din ikkje bryt saman. Det går over!

Ha god tid og lite press

– Det er ikkje så lurt å øve seg på å takle høgdeskrekk dersom gruppa skal nå ein topp innanfor eit visst tidsrom. Øv deg når du har god tid.

Øv!

– Høgdeskrekk kan du gjere noko med, ved å øve. Dersom du ikkje klarer å stå i ubehaget, gå litt tilbake, pust, ta deg litt mat og prøv igjen. Tren i område der du blir eksponert for høgder, på fast fjell. Tren sikkert ut ifrå objektive vurderingar, ikkje ut ifrå subjektiv høgdeskrekk.

Del med andre

– Det er viktig at dei rundt deg veit korleis du kjenner det. Del med familie og turvenner, så kan dei ta omsyn og hjelpe deg.

Isoler angsten

– Det er viktig at du ikkje lar angsten for høgder påverke andre område av livet. Ein kan kjenne seg utilstrekkeleg fordi ein ikkje taklar situasjonar som andre klarer lett. Men husk at dette berre gjeld høgdeskrekk.

Sindre Navelsaker

Sindre Navelsaker kosar seg i fjellveggen med utsikta til Ålesund.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Det er verdt det!

Sindre Navelsaker sit og kviler seg på ein av benkane i Via Ferrata-ruta i Ålesund. Han er kjempeglad for at han lærte seg å takle høgdeskrekken.

– Det er verdt å stå i ubehaget. For det er ikkje slik at du då berre har lært hjernen din å vinne over høgdeskrekken. Du har lært hjernen din at du er eit menneske som kan få til meir enn du trur!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL