Etter ti sesongar som Hødd-spelar forlet Sindre Eid Høddvoll.
Etter sesongslutt har Eid vurdert framtida si som fotballspelar, og har gitt uttrykk for at valet var vanskeleg.
Skulle han vende tilbake til Langevåg, eller skulle han halde fram i 1.divisjon med Hødd?
Når avgjerda no er tatt, viser Eid til at både arbeidssituasjonen og familiesituasjonen gjer det vanskeleg å satse vidare i Hødd.
Når Eid no blir trenar i 3.divisjonsklubben Langevåg, slepp han mellom anna dei lange og mange reisene som krevst i 1.divisjon.
To divisjonar lågare er det berre reiser på Sunnmøre, og truleg held tradisjonen med fredagskampar fram, slik at Eid får helgefri - noko det nok har blitt lite av dei siste ti åra...
Sindre Eid er ein rutinert og god midtstoppar, som har gjort ein svært god jobb i Hødd-trøya.
Det kan bli vanskeleg for mange av angriparane i lokal 3.divisjon å kome seg forbi 30-åringen neste sesong...
Det blir dermed eit internt bytte mellom Hødd og Langevåg.
For frå før er det klart at trenar for Langevåg dei to siste sesongane, Stig Monsen, blir hovudtrenar for Hødd.