NRK Meny
Normal

– Eg er klar for toppen av Krf-lista

Midt i nominasjonsprosessen går Simon Molvær Grimstad (23) ut og seier han vil ha ein av dei to øvste plassane på stortingsvallista til Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal.

Simon Molvær Grimstad

Simon Molvær Grimstad går offensivt ut og flaggar at han er klar for ei topplassering på stortingsvallista til Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ved førre stortingsval sto eg som nummer tre på lista. No ønskjer eg å stå på enten første eller andreplass, seier Simon Molvær Grimstad til NRK.

Dermed sender Simon Molvær Grimstad eit klart signal inn i ein prosess inn i nominasjon i eit parti som heilt klart får utskiftingar i toppen. Noverande stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide har sagt frå at ho ikkje stiller for ein ny periode. Og til no har det ikkje vore utpeika nokon klar arvtakar.

Knut Støbakk

Knut Støbakk er leiar i nominasjonskomiteen i Krf i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vi er opptekne av å få dei klart beste kandidatane på toppen av lista, seier leiar i nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Kristeleg folkeparti, Knut Støbakk til NRK.

Nominasjonsprosessen i full gang

Nominasjonsprosessen i KrF er godt i gang. Lokalpartia har frist på seg til 6. september med å sende inn dei første høyringssvara. Måndag 12. september har nominasjonskomiteen møte, der dei skal gjennomgå høyringssvara.

I løpet av november skal nominasjonskomiteen har klar sitt framlegg til stortingsvalliste. Nominasjonsmøtet er første helga i desember.

Eg har møtt på Stortinget og har fått vere med i politikken i åtte år. No ønskjer eg å stille mitt kandidatur disponibelt.

– Men det er slett ikkje vanleg i KrF å gå så offensivt ut midt i nominasjonsprosessen?

– Vi er i ein nominasjonsprosess der ingen kandidatar så langt har sagt at dei er villige og engasjerte til å stå på for KrF. Då ønskjer eg å rekkje ut ei hand og seie at eg er disponibel til å klatre på lista. Så få dei andre kandidatane melde seg på når den tid kjem.

Kjønnsfordeling i toppen

Møre og Romsdal Kristeleg folkeparti har eit regelverk å gå etter når dei skal setje opp forslaget til stortingsvalliste. Det skal vere kjønnsbalanse i toppen og det skal vere éin ungdomskandidat blant dei fire første på lista.

Dette inneber at det på dei fire første plassane skal vere to kvinner og to menn. Éin av desse skal vere ungdomskandidat. Ungdomsorganisasjonen til KrF i Møre og Romsdal har vedteke å støtte Simon Molvær Grimstad og fylkesleiar i KrFU, Victoria Smenes.

Det er også vanleg å ta omsyn til geografi i nominasjonsprosessen, men dette er ikkje omtalt i sjølve regelverket for nominasjonsprosessen.

Men vi veit at 68 prosent av veljarskaren vår høyrer heime på Sunnmøre. Viktigast er det likevel å få dei beste kandidatane på topp, seier Knut Støbakk.

– Dei beste bør ha toppen

Simon Molvær Grimstad let det skine gjennom at han ikkje har veldig stor sans for å setje opp lista etter innfløkte kabalar, der geografi, kjønn, alder og lang og tru teneste er dei viktigaste korta.

Eg stiller ikkje fordi eg er frå Sunnmøre. Heller ikkje fordi eg er ung eller er mann. Eg ønskjer å stå på lista fordi eg er den kandidaten eg er og har å tilby. Det blir litt spesielt om postadressa skal avgjere om ein kan stå på ei liste eller ikkje. Dei beste bør stå på topp og då bør ein heller vike for fogderitankegang.

Mykje tyder på at alderen kan vere noko som kan tale mot å gje Simon Molvær Grimstad topplasseringa. Men han vil vere temmeleg nær same alder som mor hans, May-Helen Molvær Grimstad hadde då ho blei vald inn på Stortinget første gang i 1993. Men heller ikkje ho sto på topp på lista den gongen. Den plassen hadde Krf-hovding og partileiar Kjell Magne Bondevik.

Eg reknar meg ikkje som ungdom lenger. Eg har vore aktiv i åtte år, eg er i mitt femte år i bystyret i Ålesund. Eg er ein erfaren, ung politikar, som har fått oppleve er erfare mykje.

– Vil gje dei andre partia konkurranse

Molvær Grimstad seier han har mange politiske saker han brenn etter å ta fatt i om han får sjansen. Eldreomsorg, med krav om betre bemanning i den heimebaserte omsorga er den første saka han dreg fram. Han markerer også støtte til programkomiteen i KrF, som vil ha partiet med på å gå bort frå at ekteskapet skal gjelde berre for mann og kvinne. Opprusting av helsetilbodet til ungdom er også ei sak han vil profilere seg på.

– No har KrF eit gyllent høve til å velje ein som er ung, vaksen kandidat med erfaring og engasjement som vil gje dei andre partia i Møre og Romsdal stor konkurranse, seier Krf-politikaren sjølvsikkert.