NRK Meny
Normal

Sildetokt avdekte høgare bestand enn forventa

Det siste sildetoktet som blei gjennomført av Havforskingsinstituttet viser at gytebestanden er større forventa. Ikkje overraskande, meiner Fiskebåt-direktøren.

Fiskebåtreiar og havforskar uttalar seg om det ferske toktet som skal kartlegge sildebestanden.

Sjå tv-reportasjen frå før sildetoktet: Fiskenæringa håper på større kvotar.

Audun Maråk - administrerende direktør i Fiskebåt

Fiskebåt-direktøren, Audun Maråk, meiner sildetoktresultata gir grunnlag for å jobbe vidare med årets kvotar.

Foto: Marius Beck Dahle / Fiskebåt

Havforskingsinstituttet har gjennomført tokt for å finne ut størrelsen på gytebestanden for norsk, vårgytande sild.

– Toktet viser at gytebestanden er større enn det som det internasjonale havforskingsrådet har lagt til grunn, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

Det kan bety større kvotar i framtida.

To millionar meir enn forventa

Det internasjonale havforskingsrådet har ei vurdering på under 4 millionar tonn, men sildetoktet viser 6,2 millionar tonn – med uvisse på 19,6 prosent.

Maråk meiner sildetoktresultata gir grunnlag for å jobbe vidare med årets kvotar.

– I neste omgang vil vi bygge vidare på dette toktet og dei komande tokta for å revurdere det rådet som er gitt for 2015 og dei etterfølgande åra. Viss det no viser deg at bestanden er større enn det som er lagt til grunn vil det få konsekvensar for aktiviteten langs heile kysten, seier Maråk.

Havforskingsinstituttet skriv at dette er eit relativt tal og må bli vurdert i forhold til tidlegare toktindeksar. På sist gytetokt, i 2008, blei gytebestandsindeksen estimert til 7,2 millionar tonn.

Ikkje nødvendigvis kvoteauke med det same

Men frå 2008 til 2015 har det offisielle gytebestandsestimatet frå Det internasjonale råd for havforsking blitt halvert.

– Med sildetokter ønsker vi å få så mykje informasjon som mogeleg, slik at vi hauster det bestanden kan gi – korkje meir eller mindre.

Ifølgje Havforskingsinstituttet inngår indeksen frå gytetoktet som eit element i bestandsberekningane. Toktet fører difor ikkje til ei umiddelbar endring i kvotar eller bestandsberekning. Resultata takast med til Det internasjonale havforskingsrådet til hausten, der det blir gjort ei oppdatert bestandsestimering og utvikla råd for hausting av silda.