Hopp til innhold

Sikta stiller ikkje i fengslingsmøte

23-åringen som er sikta for drapet på Anja Weløy Aarseth blir varetektsfengsla i dag. Han møter ikkje i retten i dag.

Aksla

23-åringen har erkjent drapet på Anja Weløy Aarseth.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

I dag klokka 9.30 er det fengslingsmøte for mannen som er sikta for fortsettlig drap. Mannen har erkjent seksuelt overgrep og drap. Tilståinga kom uoppfordra, seier forsvararen Reidar Andresen.

– Den sikta har allereie godteke fengslinga. Difor vil han ikkje møte i retten i dag, seier Andresen.

Reidar Andresen

Forsvarar Reidar Andresen seier at den sikta har godteke fengslinga.

Foto: Svein Vestrum Olsson / NRK

Isolasjon

Politiet har bede om åtte veker varetekt, med to vekers besøksforbod.

Sjølv om 23-åringen har tilstått drap, erkjenner han ikkje straffskuld. Det skuldast avhøyrsteknikken og at ein ikkje har kome så langt at det er naturleg å spør om han er skuldig.

Den sikta har forklart at han var sterkt rusa då drapet skjedde og at han høyrer til eit belasta miljø.

I kva grad vert vert det tema om han var tilrekneleg?

– Den type problemstilling har vi ikkje problematisert. Det vil kome etterkvart, seier Andresen. Det vil bli bede om obervasjon av mannen og gjort rettpsykiatriske vurderingar av mannen.

Budde rett ved stien

Anja Weløy Aarseth

Anja Weløy Aarseth vart drepen då ho var ute på joggetur på yfjellet Aksla onsdag i førre veke.

Foto: Privat

Den siste tida skal han ha leigd ei loftsleilegheit i ein firemannsbustad like ved Aksla, melder Bergens Tidende. Frå huset er det berre kort veg til fleire turstiar som går opp til byfjellet.

23-åringen har ikkje oppgitt noko motiv for handlinga.

Same dag som Anja Weløy Aarseth vart drepen, vart ein kiosk i nærleiken rana. Politiet har fått vitneskildringar som stemmer med utsjånaden til sikta. Mannen stiller seg heilt avvisande til raner og har gjentekne gongar sagt at han ikkje har noko med ranet å gjere.

– Han seier at han ikkje har vore på staden, seier Andresen.