Politiet fekk melding om knivstikkinga klokka 1940 laurdag kveld. Ein mann i 30-åra blei kort tid etter pågripen og han er no sikta etter hendinga på brakkeriggen til Kleven - Myklebust Verft AS laurdag kveld.
– Vi meiner vi har pågripe den personen som har utført handlinga, så vi leitar ikkje etter fleire gjerningspersonar, seier Aglen.
Roleg pågriping
Mannen i 30-åra vart pågripen utan dramatikk. Søndag kveld sat han i avhøyr på politihuset i Ålesund.
– I løpet av søndag kveld gjer vi også avhøyr av andre personar som kan bidra til å kaste lys over hendinga, seier Aglen.
Ho seier dette er snakk om andre bebuarar ved brakkeriggen som kan ha sett noko laurdag.
Dei skadde er utanfor livsfare
To menn vart alvorlig skadde og vart sendt til sjukehus i Ålesund med ambulansehelikopter laurdag kveld. Søndag ettermiddag blir det meldt at begge er utanfor livsfare, men at dei framleis er på sjukehuset.
Ein tredje mann vart mindre alvorleg skadd. Han vart sendt i ambulanse til Volda sjukehus laurdag kveld, men vart utskriven søndag.
- Les også:
Utanlandske statsborgarar
Alle fire som var involverte i hendinga er utanlandske statsborgarar, men politiet vil ikkje seie noko om kva for nasjonalitet desse har.
– Kva veit de no om motivet for knivstikkinga?
– Det veit vi førebels ingenting om, men det er noko av det vi ønskjer å få kartlagt gjennom etterforskinga.
Politiet ved Ulstein og Hareid lensmannskontor kartlegg no kva som har skjedd. Om lag 20 personar frå politiet jobbar med saka. Dei første avhøyra blei gjort laurdag kveld og arbeidet har halde fram søndag. Fleire av avhøyra blir gjort ved hjelp av tolkar.
– Det har vore kriminalteknikarar på staden og gjort sine undersøkingar. Desse er no avslutta og åstaden er frigjeven, seier Aglen.
Dermed kan dei andre som bur på dei 68 hyblane i brakkeriggen få flytte tilbake til desse.