NRK Meny
Normal

Sikta for valdtekt av to kvinner

Ein mann skal ha valdtatt to kvinner samtidig natt til måndag i Kristiansund.

Laster kart, vennligst vent...

Mannen er i 30-åra, og er sikta for valdtekt av to kvinner i Kristiansund. Mannen blei pågripen i Kristiansund måndag kveld etter at kvinnene melde frå til politiet, ifølge Tidens Krav.

Kvinnene har blitt tatt hand om på valdtektsmottak, ifølge avisa.

Mannen bur i Ålesund, men er av utanlands opphav.

Kriminalavdelingssjef Alf Rune Rolland på politistasjonen i Kristiansund stadfestar til NRK at mannen første gong blei avhøyrt i dag tidleg. Han kan ikkje seie noko om kva som kom fram i avhøyret.

Ifylgje mannens forsvarar, Reidar Andresen, erkjenner han ikkje
straffskuld.

– Eg har hatt ein kort samtale med klienten min. Ut ifra den samtalen oppfatter eg det slik at han ikkje erkjenner straffskuld, seier Andresen til NTB.