Hopp til innhold

Prøvde å true til seg pengar frå drosjesjåfør

Ein mann i midten av 20-åra blei i går pågripen for truande oppførsel, skadeverk og bråk.

Politi illustrasjon

Illustrasjonsfoto: Ein mann i midten av 20-åra sit no i arresten i Kristiansund sikta for truande oppførsel, skadeverk og bråk.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var laurdag kveld at politiet måtte rykke ut til Sunndal etter meldingar om bråk i sentrum.

– Vi fekk fleire meldingar om ein gjeng med ungdomar som gjorde skadeverk utanfor ein matbutikk i Sunndal, fortel Frode Gjøsund, operasjonsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal.

Personane skal mellom anna ha knust ein del gjenstandar utanfor butikken og sparka og bulka eit par bilar.

Prøvde å ta pengar frå drosjesjåfør

Ein mann skal også ha prøvd og true til seg pengar frå ein drosjesjåfør.

– Dette blei hindra av andre drosjesjåførar på staden, seier Gjøsund.

Etter dette prøvde mannen også å true til seg pengar frå ein kafe like i nærleiken. Heller ikkje her lukkast mannen.

Mannen i midten av 20-åra blei etter kvart pågripen av politiet og frakta til arresten i Kristiansund. Han er sikta for truande oppførsel, skadeverk og bråk.

– Han sit framleis i arresten og vi vil avhøyre han og fleire vitne etter kvart.

Politiet vil så vurderer vidare varetektsfengsling av mannen. Ifølgje Gjøsund skal 20-åringen ha vore involvert i liknande episodar tidlegare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL