Hopp til innhold

Påstod at bilen hans vart kapra – sjølv sikta for promillekøyring

Ein mann i 30-åra melde til politiet at han hadde blitt kasta ut av sin eigen bil av to ukjente menn i Kristiansund. Det viste seg å vere reint oppspinn.

Politiillustrasjon

– Enkelte ringer inn til oss med merkelege historier som ender opp med å ikkje stemme i det heile, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Mannen, som er frå Trøndelag, påstod at han hadde sete på med to ukjente menn i sin eigen bil. Han fortalde han at dei hadde kasta han ut av bilen og køyrt vidare.

Politiet på Nordmøre køyrde etter for å finne både dei påståtte gjerningsmennene, bilen og eigaren. Men gjerningsmenn fann dei ikkje. Politiet plukka opp mannen på Averøy, og fann ein kollisjonsskadd bil like ved.

Sikta for promillekøyring

Då viste det seg at han aldri hadde vorte sparka ut av sin eigen bil av to ukjente menn. Trønderen blei arrestert og sikta for promillekøyring.

– Historia hang ikkje i hop med det vi fann, så vi tok han med tilbake til stasjonen og fekk tatt blodprøve av mannen. Det enda med at han sjølv blei sikta for promillekøyring, seier operasjonsleiar Thorry Aakenes ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Aakenes fortel at dette skjer oftare enn ein skulle tru.

– Enkelte ringer inn til oss med merkelege historier som ender opp med å ikkje stemme i det heile.

Elles har det vore ei roleg natt i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Laster Twitter-innhold