NRK Meny
Normal

Tre er sikta for mordbrann

Siktinga mot dei fire som vart pågripne etter dødsfallet i Ålesund tysdag, er skjerpa. Tre menn vart i dag sikta for mordbrann. Den fjerde, ei kvinne, er sikta for lekamsskading med døden til følgje. Politiet stadfestar at det dreiar seg om drap.

 Unni Moen Vikebakk og Oddbjørn Solheim

Politiinspektør Unni Moen Vikebakk og politistasjonssjef Oddbjørn Solheim orienterte i dag om at siktinga er utvida.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Den døde mannen fraktes ut fra leiligheten i Øvre Holen

Den døde mannen er no identifisert. Det vil ta ein dag eller to før den førebelse obduksjonsrapporten er klar.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Det var tysdag at ein død person vart funnen i ein firemannsbustad i Spjelkavik i Ålesund i samband med ein brann. Politiet såg på dødsfallet som mistenkeleg og sette inn store ressursar i saka. Onsdag vart fire personar pågripne og sikta. Tre av dei vart sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Tente på bustaden

I dag vart siktinga utvida til også å gjelde mordbrann. Dei tre vert framstilt for varetektsfengsling i ettermiddag. Hovedårsaka til at mordbrannparagrafen vert brukt er at leilegheita som ligg i eit tettbygd strok vart tent på. Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim vil ikkje kommentere om dei sikta har tent på bustaden for å skjule drapet.

– Vi kan ikkje gå ut med detaljar så tidleg. Vi må gi dei sikta tid til å forklare seg før vi kan fastslå kva som skjedde, seier Solheim. Politiet stadfestar at det dreiar seg om drap

Ein fjerde person, ei kvinne, som var sikta for falsk forklaring, er no også sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Mannen er obdusert

Politiet er framleis ute på staden og gjer tekniske undersøkingar. I dag har mannen i 30-åra blitt obdusert og han er formelt identifisert. Det vil ta ein dag eller to før den førebelse obduksjonen er klar.

– Så langt er det tatt over 50 avhøyr. Kripos bistår framleis lokalt politi, seier Solheim.

Politiet har ei formeining om kva som har skjedd, men kan ikkje gå ut med det.

– Det blir bedt om isolasjon for to av personane, sa politiinspektør Unni Moen Vikebakk på ein pressebrief i dag.