Mannen blei arrestert fredag ettermiddag etter at politiet rykka ut på melding om ei knivstikking på Averøy på Nordmøre. Arrestasjonen skal ha skjedd utan dramatikk, i nærleiken av åstaden.
I helga blei mannen i 20-åra sikta for knivstikking og grov kroppsskade.
– Siktinga er no endra til drapsforsøk. Endringa er gjort med bakgrunn i den informasjonen som har kome fram under etterforskinga, seier politiadvokat Merethe Falkevik i Møre og Romsdal politidistrikt.
Det var Tidens Krav som omtalte siktinga først.
Motivet er uklart
Måndag ettermiddag blei mannen varetektsfengsla i fire veker. Grunngivinga for varetekta er gjentakingsfare.
I løpet av helga har det vore gjennomført ein rekke avhøyr og vitneavhøyr. Også den sikta mannen har blitt avhøyrd.
– Motivet for hendinga er førebels ukjent. Og kniven som blei brukt har så langt ikkje blitt funnen, seier Falkevik.
Det skal ha vore vitne til hendinga, men politiet vil så langt ikkje seie noko om desse har sett sjølve angrepet.
I fengslingsskjenninga frå Nordmøre tingrett går det fram at det er behov for ei fullstendig rettspsykiatrisk undersøking av den sikta for å finne ut om han var tilrekneleg på handlingstidspunktet.
Erkjenner straffskuld
Advokatfullmektig Leonard Nesdal deltok sjølv på fengslingsmøtet måndag.
– Min kleint har erkjent dei faktiske forholda som han er sikta for. Han kjem heller ikkje til å sette seg imot varetektsfengslinga, seier Nesdal.
– Utanfor livsfare
Faren, ein mann i 50-åra, blei først sendt til sjukehuset i Molde, før han blei frakta vidare til St. Olavs hospital i Trondheim.
Tilstanden til mannen var først kritisk, men den skal no vere stabil.
– Han skal vere utanfor livsfare, seier politiadvokat Merethe Falkevik.