Nordmøring sikta for 18 lovbrot

Ein nordmøring er varetektsfengsla i fire veker. Førre helg skal han ha begått sju lovbrot.

Nordmøre politikammer

Mannen er varetektsfengsla i fire veker, fordi Nordmøre tingrett meiner det er stor fare for at han vil gjere nye lovbrot.

Foto: Ness, Rune Petter / NTB scanpix

Mannen vart pågripen av politiet laurdag 15. mars. Dei alvorlegaste forholdet han er sikta for er to grove tjuveri. Han skal også ha køyra i rusa tilstand, oppbevart narkotika, gått ned på kniv på seg og køyrt utan gyldig førarkort.

Han er sikta for 18 forhold sidan september 2013. Sju av lovbrota skal ha skjedd 14. og 15. mars.

Retten meinte at vilkåra for varetektsfengsling er til stades fordi det er fare for at han skal gjere fleire lovbrot. Mannen er tidlegare straffa for liknande kriminalitet. Sist gong vart han dømt til fengsel utan vilkår i 90 dagar.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.