NRK Meny

Sikta etter stort narkotikabeslag

Tre personar er varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod, etter funn av betydleg mengder narkotika. Dei tre blei pågripne laurdag, men politiadvokat Guri Falch Kristensen vil ikkje seie kvar det skjedde. Ifølgje avgjerda frå retten er årsaka til fengslinga frykt for at dei tre kan øydelegge bevis eller stikke av, dersom dei blir sette fri. Kristensen seier dei føreels ikkje kan seie meir om funnet.