Hopp til innhold

Sikta etter dødsulykke der 5-åring omkom

Ein 40 år gammal mann er sikta for aktlaust å ha ført til ein annans død, etter trafikkulykka på Fursetfjellet vesle julaftan. Ei fem år gamal jente mista livet.

Trafikkulykke Fursetfjellet

Helikopter henta skadde like ved avkøyringa på E39 ved Opdøl i Molde vesle julaftan.

Foto: Gunnar Sandvik

Det var på ettermiddagen vesle julaftan at bilulykka på Fursetfjellet i Molde skjedde. Til saman tre bilar med sju personar var involverte. Ein 5-åring omkom og ein annan person vart kritisk skadd.

Politiet har etterforska ulykka og sikta ein mann i 40-åra for aktlaus køyring. Bilen han køyrde skal ha hamna i motsett køyrefelt, skriv politiet i ei pressemelding. Obduksjonen viser at jenta døydde som fylgje av ulykka.

Den sikta mannen er i nær relasjon til det avdøde barnet. Han er ikkje usamd i hovedtrekka i hendinga, men erkjenner ikkje straffskuld.

Politiet opplyser at det framleis står att etterforsking i saka, der ein vil finne ut kvifor bilen hamna i motgåande køyrefelt. Ein person er framleis innlagt på sjukehus.