NRK Meny
Normal

Sikta etter busstur med skuleelevar

Ein bussjåfør som nekta å sleppe av urolege skuleungar er no sikta for omsynslaus åtferd. No må han møte i Konfliktrådet.

Politiet og busspassasjerar

Politiet har dei siste vekene etterforska bussjåføren som nekta å sleppe av skuleelevar. No er han sikta for omsynslaus framferd.

Foto: Jens Ødegård Henden

Bussjåføren i Kristiansund blei landskjend då han nekta å sleppe av skuleungane før på siste stoppestad tidlegare i haust. Han var så lei av misbruk av stoppsignalet, at han bestemte seg for å reagere.

No er etterforskinga ferdig, og politiadvokat Elisabeth Fiksdal ved Møre og Romsdal politidistrikt seier bussjåføren må møte skuleleiinga og busseselskapet i Konfliktrådet.

– Det er for å få forsøkt å mekle i saka. Politiet tenkjer det er hensiktsmessig å få løyst saka på den måten, at det til dømes vil ha større førebyggande effekt enn å gje ei bot, seier Fiksdal.

Elisabeth Fiksdal

Politiadvokat Elisabeth Fiksdal meiner det er meir hensiktsmessig at bussjåføren må møte i Konfliktrådet, enn å gje han ei bot.

Foto: Politiet

Bussjåføren er no sikta for omsynslaus åtferd: «en som ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd forfølger en person eller på annen måte krenker en annens fred, straffes med bot eller fengsel inntil 2 år.»

Les også:

– Slepp for billig unna

Både foreldre og elevar reagerte kraftig på korreksen då den erfarne bussjåføren bestemte seg for å køyre alle til siste stoppestad utan at dei fekk gå av. For mange blei det ein lang omveg, og fleire foreldre møtte opp for å hente heim igjen ungane sine.

Mia Brevik og Halvard Nasvik

Halvard Nasvik og Mia Brevik likte dårleg at bussjåføren ikkje sette dei av der dei skulle av. Dei seier dei ikkje trykte på stoppknappen, og meiner dei difor ikkje burde bli straffa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Halvard Nasvik (16) er ein av dei som var på bussen, og som likte dårleg reaksjonen frå bussjåføren. Han seier han ikkje var ein av dei som trykte på stoppknappen, men at han likevel ikkje fekk gå av, og dermed kom for seint på fotballkamp.

– Eg meiner at han slepp litt billig unna, og at han burde fått ei litt strengare straff, som ei bot, seier Nasvik.

Han er ikkje overraska over avgjerda, og seier det virka som folk flest støtta bussjåføren. For saka vekte stort engasjement, og mange meinte at ungane trengde ein lærepenge. Det kom også fram at fleire bussjåførar andre stader i landet grur seg til å gå på arbeid.

Busselskapet støttar sjåføren

Busselskapet Tide, der sjåføren arbeider, gjekk tidleg ut og støtta sjåføren. Dei meinte at slike reaksjonar ikkje burde vere malen, men at den aktuelle turen var spesielt krevjande.

Regionsjef Jon Karstein Frantzen meiner avgjerda til påtalemakta er korrekt.

– Eg syns det er ei fornuftig løysing, då får partane sett seg ned saman og snakka om saka, slik at ein får belyst dette frå ulike sider, seier Frantzen.

Sjåføren arbeider framleis i selskapet, men køyrer ikkje den same ruta lenger. Han ønskjer ikkje å uttale seg til NRK.