NRK Meny
Normal

Sikring tek for lang tid

- Det tar altfor lang tid å få sikra rasutsette område, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes.

Oppdølstranda
Foto: Per R. Skarseth

I fjor var ho på synfaring på Oppdølstranda mellom Sunndalsøra og Ålvundeid og karakteriserte området som ei av dei farlegaste vegstrekningane i landet.

Åshild Kjeldsnes

Åshild Kjelsnes, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: NRK

- No må rassikring kome mykje høgare på dagsorden i komande Nasjonal Transportplan, seier Kjelsnes.

Nasjonal Rassikringsgruppe arbeider for å auke løyvingane til skredsikring. Gruppa har representantar frå dei sju mest skredutsette fylka i Noreg, og er fullt kjent med rasfaren på Oppdølsstranda.

For seint?

Søndag kveld skjedde det mange hadde frykta, og to bilar vart treft av eit stort steinskred.

- Det som er heilt klart, er at den nasjonale rassikringsgruppa kjem til å stå endå hardare på. Vi skal ha ein nasjonal konferanse i oktober, og der hadde vi allereie bedt den lokale aksjonsgruppa for Oppdølsstranda om å kome og fortelje om korleis det er å leve med denne rasfaren og denne usikkerheita, seier Kjelsnes.

No er spørsmålet om det kjem for seint. Søndag var det ein person som vart skadd. I dei rasa som ein ventar kan det gå mykje verre.

Ingen pengar å løyve

- Eg er samd. Dette går alt for seint, det er ei oppgåve som er altfor forsømt for nasjonen Noreg, og vi kan rett og slett ikkje akseptere det, seier Kjelsnes.

Nasjonal rassikringsgruppe er ein instans som ikkje har høve til å løyve pengar til desse prosjekta.

- Vi er oppnevnt frå dei sju mest rasutsette fylka i Noreg for å jobbe for å prøve å få meir pengar til rassikring på nasjonalt nivå. Og eg forventar at vi får sjå ei anne løyvingstakt i komande NTP, seier ho.

- Det har også samferdselsministeren signalisert, at dette er eit prioritert område, legg ho til.