Tjuvar stel kleda frå Fretex

Fretex skiftar ut alle innsamlingsboksane, fordi folk stel kleda.

Fretex
Foto: Erland Knutsen

Fretex driv innsamling av klede i alle fylker i landet. Kvart år vert det samla inn 12.000 tonn med brukte klede, men ikkje alt kjem dit det skal. Ofte opplever dei at tjuvar stel frå innsamlingsboksane.

– Vi vil at dei som leverer tøy til oss, skal vere sikre på at det kjem dit det skal, seier Britt Roald Nesvik.

Gavmilde folk

Britt Roald Nesvik

Britt Roald Nesvik er bekymra over at ein del av kleda som folk donerer til Fretex, vert stolne.

Foto: Olav Arne Nedrelid / NRK

Ho er leiar for Fretexbutikken i Ålesund og er bekymra over at klede blir stolne. Etter det ho erfarer forsvinn dei stolne plagga ut av landet og vert selt vidare i Aust-Europa.

I løpet av dei to neste åra skal linnsamlingsboksar i heile landet bli skifta ut, slik at blir vanskelegare å fiske ut kleda frå containeren. I Møre og Romsdal er jobben med å byte ut boksane godt i gang og det er Nesvik glad for.

– Gavmildheita er stor og mange køyrer langt for å levere klede til oss, seier ho.

Lite forsvinn

Fretex

Dei nye innsamlingsboksane er meir tjuverisikre.

Foto: Britt Roald Nesvik

Kommunikasjonssjef i Fretex, Trine Gjermundbo, seier at det prosentvis er lite klede som vert stolne, men at det likevel ikkje bør skje.

– Det er overhode ikkje greit at folk fosyner seg frå tøyet som er donert til oss, seier Gjermundbo.

I tillegg til å plassere ut nye innsamlingsboksar som er meir tjuverisikre, går også Fretex gjennom henterutinene sine. Boksene skal også vere merka med eit mobilnummer, slik at folk kan melde frå når containeren er full.