Hopp til innhold

Jobbar for færre dødsulukker i Brusdalen

Statens vegvesen håpar nye autovern og betre sideterreng vil gjere E39 mellom Skodje og Ålesund litt sikrare.

Statens vegvesen håpar nye autovern og bedre sideterreng vil gjere E39 gjennom Brusdalen litt tryggare. Den høgt trafikkerte vegen er blant dei mest ulykkesbelasta i landet.

Sjå TV-reportasjen om sikringa av Brusdalen på E39 mot Ålesund.

Den høgt trafikkerte vegen er blant dei mest ulukkesbelasta i landet. Sidan 1990 har det vore 55 ulykker på den 11 kilometer lange strekninga. Ni personar har mista livet og 15 har blitt alvorleg skada.

Optimalt sett ville Statens vegvesen helst hatt ein betre måte å skilje dei to køyreretningane på.

– Per i dag er dette ikkje mogleg fordi vegen er for smal, seier seksjonsleiar Jan Ole Tønnesen til NRK. Like fullt trur han tiltak som nye autovern og betre sideterreng vil redusere statistikken over alvorlege ulukker langs strekninga.

Over 9000 personar køyrer på denne vegen kvar dag. No håper Statens vegvesen komme raskt i mål med utbetringstiltaka som dei starta på like før jul.

Sjå meir i TV-reportasjen.