Hopp til innhold

Vi er dårlegast til å sikre barna våre i bil

Mange foreldre i Møre og Romsdal let vere å sikre barna sine under køyreturen. Trygg Trafikk kallar det omsorgssvikt.

Barn i barnesete

Mange foreldre er flinke til å sikre barna sine under køyreturen, men det gjeld langt frå alle.

Foto: Bettina Brinkmann / Maxppp

Carina Henske

Carina Henske i Trygg Trafikk meiner småbarnsforeldre på Nordvestlandet burde skjerpe seg det gjeld sikring av ungane i bilen.

Foto: Trygg Trafikk

– Å sikre ungane skikkeleg utgjer ein forskjell mellom liv og død, men likevel er mange som ikkje ser poenget, seier Carina Henske i Trygg Trafikk.

Spesielt i Møre og Romsdal ser det ut til å vere mange som ikkje bryr seg. Ei ny oversikt frå Trygg Trafikk og If Forsikring viser at seks prosent av alle barn i fylket mellom eitt og tre år sit heilt usikra i bilen. Ytterlegare seks prosent vert berre sikra med bilbelte.

– Ein kan gjerne kalle det omsorgssvikt, seier prosjektleiaren.

Ho understrekar at datamaterialet for 2014 er noko lågt, men at statistikken samsvarar med funn frå tidlegare år.

Flotte bilar

Henske har sjølv vore med på politikontrollar der folk som vert tekne med usikra born i baksetet, seier at dei berre skal på ein kort tur.

– Det er verkeleg skremmande, seier ho oppgitt.

Ifølgje Henske er dei med dyre, flotte bilar som er dårlegast til å sikre barna. Det er også i vår region at vi kjøper dei dyraste bilane, skriv Sunnmørsposten.

– Kanskje det ikkje ser så stilig ut med barneseter i bilane, det er vel det eine. Dessutan er det nok ein del som tenkjer at bilen er så trygg at han toler ein støyt, seier ho.

Truar med prikkar

Solide bilar og eit hardt karosseri ikkje nødvendigvis er til fordel for barna, så sant dei ikkje sit godt nok sikra, seier Henske.

– Lause barn vil fly rundt som prosjektil i bilen dersom det skjer ei ulukke. Dei vaksne med airbag er kanskje uskadd, men det vil ikkje vere tilfelle med ungane.

Dei som vert stoppa i kontroll i dag med usikra barn i bilen, kan i dag få forenkla førelegg på 2000 kroner og to prikkar på førarkortet.

– Det er ganske nytt at folk kan få prikkar, og det er eg kjempefornøgd med! Bøter har lite effekt fordi rikfolk, som også er dei som oftast bryt reglane, ikkje bryr seg om pengesummen, seier ho.

Flinkare i resten av landet

I stikk motsetning til Møre og Romsdal, toppar Sogn og Fjordane statistikken i positiv retning. Så godt som ingen barn mellom eitt og tre år sit usikra eller dårleg sikra.

– Sogn og Fjordane gjer det alltid bra på slike testar. Det verkar som dei der har forstått kor viktig tryggleik i bil faktisk er, seier Henske.

Sogn og Fjordane er også fylket der flest barn (67 prosent) er sikra heilt rett, som vil seie at dei sit i barnesete som er vendt bakover. Resten av landet har også skjerpa seg kraftig dei siste åra. Frå eit landsgjennomsnitt på 20 prosent i 2010, er det no på 43 prosent. Igjen er det Møre og Romsdal, forutan Sør Trøndelag og Aust-Agder, som er dårlegast på korrekt sikring av barna.

Gjer som andre småbarnsfamiliar

I vårt fylke er det berre ein knapp tredjedel av småbarna som sit i bakovervendte barnesete. Henske trur det har ein samanheng med at småbarnsfamiliar gjerne tek etter andre barnefamiliar.

– Når halvparten av foreldra i barnehagen ser at den andre halvparten har bakovervendte barnesete, så har dei lettare for å skifte ut seta sjølv, seier ho.

Ho meiner det derfor det er viktig at somme tør å gå litt i bresjen for den typen bilsete, sjølv når barna er forbi spedbarnsstadiet. I dag er bakovervendte bilsete påbode til barna er tre år, men Trygg Trafikk skulle gjerne sett at dei var påbode til barna var fire å når skjelettet meir utvikla og toler meir belastningar.

– Eg har sjølv ei dotter som sat i bakovervendt bilsete til ho var seks år. Det gjekk heilt fint, seier ho.

Stor risiko for nakkeskadar

Ifølgje tryggingssjef Jan Olav Nilssen i If Skadeforsikring er det svært viktig at barna sit med hovuda vendt bakover i bilen.

– Små barn har ein svak nakkemuskelatur og store, tunge hovud. Når dei vert kasta framover i ei ulukke, er risikoen for nakkeskadar stor, seier han.

Om barna sit med hovudet vendt bakover i bilen, kan skadane i ei ulukke bli langt mindre, hevdar han.

– I bakovervendt posisjon vert barnet sin rygg pressa inn mot stolryggen. Trykket frå kollisjonen vert fordelt over ein stor flate: frå hovudet og til baken, forklarar han.

Trygg Trafikk har laga denne illustrasjonsvideoen for å forklare forskjellen mellom framover- og bakovervendte bilsete: