Hopp til innhold

Sikra tredjeplassen i bikini-fitness i helga

Med bikini og ein hardt trent kropp sikra Kine Paola Sæter (33) frå Surnadal seg ein tredjeplass under Oslo Grand Prix i helga.

Kine Paola Sæter med tredjeplassen

Kine Paola Sæter sikra seg tredjeplassen for dei under 163 cm i bikinifitness i helga.

Foto: privat

Tobarnsmora og juristen Kine Paola Sæter frå Surnadal tok i helga ein tredjeplass for landets best trente i bikini, i klassen under 163 centimeter. Ho stilte i lilla, glitrande småplagg og knallharde musklar, og gjorde suksess.

Kine Paola Sæter på scena

33-åringen stilte i lilla glitterbikini under Oslo Grand Prix i helga.

Foto: privat

Eg kunne ikkje venta å få førsteplassen, men det er klart at eg kjenner at det hadde vore kjekt å ha, seier ho.

Les også:

Feira med vin, brød og brus

Kine Paola Sæter feira tredjeplassen med eit glas vin

Kine Paola Sæter feira med både vin, brus og brød laurdag kveld.

Foto: privat

33-åringen er ein av landets ferskaste innan Fitnesskonkurransar, og har berre deltatt ein gong før. Då vann ho. Denne gongen kom ho altså på tredjeplass blant 10-11 utøvarar. I går kveld feira ho med vin, brus, brød og bakverk.

– Brød med smør har eg ikkje ete på lenge, og så gjekk eg innom ein kiosk og kjøpte små bakverk til å ha utover kvelden, ler ho.

Usikker på framtida

Kine Paola Sæter har trent i årevis, og har blitt 33 år. Dermed er ho langt frå dei yngste som stiller i bikini. Korvidt det blir ein ny konkurranse veit ho ikkje.

Eg gjorde dette først og fremst for å bevise for meg sjølv at eg kunne klare det. No får vi sjå. Trening og godt kosthald held eg uansett fram med, det er ein livsstil, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL