NRK Meny
Normal

Familien på ni sikra hotellrom til søndag

Åttebarnsmora som vart sendt frå Ulsteinvik til Paris er no innlosjert på hotell, etter at ho og familien har fått hjelp frå Røde Kors.

Simret og borna

Simret og borna hennar er sikra hotellovernatting til søndag, men etter det er det uklart kvar dei kan bu.

Foto: Privat

Organisasjonen hjelper folk som kjem til Paris, men har ikkje fått hjelp frå styremaktene i landet til å få på plass ein stad for familien å bu.

– Organisasjonen sin representant på flyplassen prøvde å få hjelp frå to franske etatar, men får til svar at dei ikkje har kapasitet, fortel NRK sin reporter Liv Berit Gilberg, som møtte familien på flyplassen.

Onsdag 12. mars vart Simret Wolbgeber og borna sendt ut frå Ulsteinvik til Frankrike. Der var styresmaktene ikkje budde på at familien var så stor.

Kom fyrst til Frankrike

Dermed vart det til at familien måtte bu på flyplassen Charles de Gaulle medan dei venta på svar. Fredag kveld hjelpte Røde Kors på flyplassen familien til eit hotell der dei skal få overnatte til søndag.

– Deretter er det usikkert kva som skjer, seier Gilberg.

Familien frå Eritrea vart sendt frå Noreg til Frankrike, fordi det var der dei fyrst søkte om asyl i Europa. Gjennom Dublin-avtalen forpliktar landet seg til å behandle søknaden.

Frankrike manglar kapasitet

Men kapasiteten var ikkje på plass til å ta i mot familien, då dei vart frakta dit av norsk politi.

Kva som skjer med familien frå søndag er framleis uklart. Situasjonen er ikkje avklart for Simret og dei åtte ungane, og det kan vere at dei må tilbake til flyplassen der dei allereie har budd fleire netter.

– Dei er slitne, naturlegvis. Mora har knapt sove, av frykt for kva som kan skje med ungane, seier Gilberg.