Hopp til innhold

Sikker på at Nordøyvegen blir realisert

Fylkespolitikar Frank Sve frå Frp trur arbeidet med Nordøyvegen vil kome raskt i gang.

Frank Sve

Frank Sve er sikker på at Nordøyvegen blir realisert.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit samrøystes fylkesutval sa i går ja til å bygge Nordøyvegen som skal binde saman øyane i Haram og Sandøy med fastlandet.

Prosjektet, som vil koste i underkant av fire milliardar kroner, har vore gjennom mange rundar i fylkestinget. Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) trur prosjektet no vil gå glatt gjennom i Stortinget.

– Det er berre bompengespørsmålet som skal til Stortinget. Vi har hatt ein god gjennomgang av prosjektet med departementet, politisk leiing og ikkje minst vegdirektøren og Vegdirektoratet, så eg klarer ikkje å finne noko som vil gjere at dette ikkje går, seier han.

Opp- og nedturar

Nordøyvegen vil gje fastlandssamband til rundt 2900 menneske og knyter om lag 10 000 innbyggjarar i Haram og Sandøy nærare saman. Vegen skal vere med på å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen. Samstundes er målet å gjere Nordøyane til eit meir attraktivt buområde.

Dersom alt går etter planane kan prosjektet få byggjestart allereie i 2018. Samferdsleutvalet har så langt sett av 70 millionar til Nordøyvegen i 2017.

Realiseringa av Nordøyvegen har vore prega av mange opp- og nedturar, men Sve meiner at prosjektet no er så solid som mogleg.

– Eg ser ikkje at det skal vere nokon skjær i sjøen i det heile tatt, seier han.

– Men det har vore ein del av dei i denne saka?

– Ja, men dei eksisterer ikkje lenger. Vi har gjort dei nødvendige endringane for å få sikkerheitsgodkjenning frå Vegdirektoratet. I tillegg er prosjektet grundig forankra og løfta opp til den politiske leiinga i departementet, så eg trur dette er rimeleg trygt, seier Sve.