og Rune Hustad
Sommarsdag kan ein ta seg fram med bil på ein smal og humpete veg, om vinteren er ski eller scooter einaste framkomstmiddelet. Næraste granne bur fleire mil unna.
Her lever fire menneske. Marie Anne Vanhapiha Kumpulainen er ei jente i slutten av tjueåra. Ho er gift med ein finsk reineigar, men så lenge han ikkje kan ta reinsdyra med seg over grensa, og så lenge ho ikkje kan tenkje seg å flytte frå Sihccajavri, bur dei på kvar sin stad, fem-seks mil frå kvarandre. Berre ein gong eller to i månaden blir det høve til eit møte.
Bur med foreldra
Marie Anne bur saman med foreldra, Ragnhild og Arvo, og i nabohuset held moster Anne Sara til. Dei lever av det naturen har å gje dei, og dei er sjølv-forsynte i det meste. Middagsmaten er reinsdyrkjøt, saue-kjøt eller fisk som dei dreg opp av vatna, og ved til brensel fraktar reinsdyra heim på vinterføre. Scooteren bruker dei ikkje utan at dei må, for han forureinar, og dessutan kostar han pengar, og det har dei ikkje for mykje av. Det vesle dei har av inntekt, får dei ved å selje reinsdyrkjøt og fisk, molter og ryper. Dessutan har Anne Sara ein meteorologisk målestasjon utanfor stovedøra, og fire gonger i døgnet, sju dagar i veka, måler ho temperatur og nedbør og rapporterer til Meteorologisk institutt. Sihccajavri er ein av dei kaldaste stadene i landet, kan ho fortelje.
Troppa opp hos statsministeren
Marie Anne er ei jente med bein i nasen. Det viste ho då ho som tjueåring la ut på sin første og einaste langtur, like til hovudstaden, og det var inga feriereise ho var ute på. Ho troppa opp på statsministerens kontor for å tale si sak, å få lov til å ha nokre av reinsdyra sine heime om sommaren, i staden for å måtte sende dei ut til kysten, slik lova kravde. Ho trong dei til trekkdyr og kløvdyr, hevda ho. Og jenta tala så godt for seg at stats-minister Jagland likegodt gav henne varig dispensasjon frå lova. Ja, ho gjorde så sterkt inntrykk på han at han under ei reise til Finnmark tok ein lang omveg for å få oppleve Sihccajavri, som jenta frå vidda hadde tala så varmt om.
Marie Anne Vanhapiha Kumpulainen møter du i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu på søndag. Foto:Øyvind Sandnes, NRK