Sigurd kan likevel ikkje bli tvinga ut av fengselet

Sigurd Sundklakk (24) frykta han ikkje skulle rekke studiestart då han blei sendt ut av fengselet på soningspause på grunn av korona. No snur Hustad fengsel og seier pausen er frivillig.

Sigurd Sundklakk

KLAGA: Sigurd Sundklakk har klaga på vedtaket om soningsavbrot med strenge restriksjonar.

Foto: Kaia Emilie Sundklakk

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Sundklakk blei i dag kontakta av Hustad fengsel fordi han hadde klaga på vedtaket om at han skulle ha soningsavbrot.

– Juristen frå fengselet sa at dei skal ta kontakt med dei som blei sendt ut på soningsavbrot og opplyse om at det er frivillig likevel, seier Sundklakk.

Alle vil bli kontakta

Seniorrådgjevar Atle Syvertsen i Kriminalomsorgsdirektoratet seier det stemmer at alle som blei sende heim frå Hustad fengsel på soningsavbrot tysdag, vil bli kontakta og få tilbod om å kome tilbake igjen til fengselet.

Ifølge Sigurd Sundklakk var det om lag 10 innsette som blei sende heim

– Det stemmer at det var nokre som fekk innvilga soningsavbrot utan å ha søkt om det. Dei vil no bli ringt opp med spørsmål om dei ønsker dette. Årsaka er at leiinga i direktoratet har vurdert bruken av dette verkemiddelet på nytt, og avgjort at det var eit for sterkt verkemiddel no, seier Atle Syvertsen.

Han ser ikkje vekk ifrå at soningsavbrot vil bli brukt seinare om det blir kritisk nødvendig. Men no har dei kontroll på smittesituasjonen i norske fengsel.

– Per i dag er det tre tilsette som har fått konstatert smitte, og dei har ikkje vore i kontakt med andre tilsette eller innsette. Så langt meiner vi at vi har kontroll, seier han.

Hustad fengsel

Hustad fengsel i Møre og Romsdal

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Rekk studiestart

Sigurd Sundklakk reagerte sterkt då han blei sendt heim på 30 dagars soningsavbrot tysdag.

Dei innsette fekk beskjed om at dei hadde fått innvilga soningsavbrot – utan at dei hadde søkt om det. Det var også krav til at dei måtte halde seg inne mellom 20.00 og 06.00, og at dei berre fekk gå ut om dei skulle handle daglegvarer eller hadde behov for helsehjelp.

– Dette kjendest som dobbel straff, sidan straffeavbrotet ikkje tel som soning, seier 24-åringen frå Ålesund.

Han sonar ein dom på 9 månader for bedrageri etter å ha forsøkt å få kontroll over ei stor spelegjeld ved å svindle andre.

Sundklakk har tidlegare vore open om historia si i mellom anna P3-dokumentaren spilleren.

Han frykta at soningspausen skulle bli så lang at han ikkje skulle rekke å starte med fotlenkesoning til studiestart slik han har planlagt.

Vil likevel bli heime

Sundklakk seier til NRK at når han no først har komen heim til foreldra, vurderer han å bli heime likevel i denne spesielle situasjonen.

Hovudårsaka er at han rekk studiestart når soningsavbrotet no ikkje blir lenger enn dei 30 dagane.

– No som eg først er komen heim og har pakka ut alt, så tenker eg at det ikkje hastar med å kome tilbake. Eg vil også gjerne vere saman med familien i denne spesielle tida, seier han.

Kriminalomsorgen lovar at dei vil legge til rette for at han kan kome tilbake og starte opp igjen soninga. Dei lempar også på reglane for å forlate huset i løpet av dagen, så lenge han følgjer styresmaktene sine smittevernråd. Dei har også justert timane er nøydd til å vere i huset til tidrommet mellom 23.00 og 06.00.

Status Norge

Sist oppdatert: 05.06.2020
8504
Smittet
23
Innlagt
238
Døde