For dei fleste er det å bli skoten i ein rakett opp i verdsrommet ikkje meir enn ein fjern draum.
Men når eit forskingsprosjekt skal finne ut korleis folk med funksjonsnedsettingar opplever verdsrommet, kan Sigurd Groven få denne draumen oppfylt.
– Kva er oddsen for det. Det er heilt vilt. Eg trudde nesten det var ein aprilspøk då eg vart spurt første gangen.
No skal han gjennom eit treningsopplegg på NASA sin base i Houston i Texas.



Norsk romprogram
Hjernen bak prosjektet er Nima Shahinian, Noregs første astronautkandidat. No jobbar han med å få på plass eit romprogram i Noreg, for å sende dei første nordmennene ut i verdsrommet.
– Visjonen er at dette blir eit reelt nytt romselskap i Noreg. Så vi kryssar fingrane for at alle kandidatane blir godkjende.
Shahinian tok astronaututdanninga si i Russland. Planen var at dei norske kandidatane skulle trene i Russland, og bli skotne opp i verdsrommet av ei russisk rakett.
Men etter at landet gjekk til krig mot Ukraina, har Shahinian trekt seg frå samarbeidet. I staden får NASA ein større rolle i opptrening og oppskyting.
Nima Shahinian vil sende nordmenn med funksjonsnedsetting ut i verdsrommet. Namnet på romprogrammet vil han at det norske folk skal hjelpe han med å finne.
Foto: Martin Leigland / NRKMed funksjonsnedsetting i verdsrommet
Ei sykkelulykke i 2015 skulle endre livet til Sigurd. Han vart lam frå brystet og ned, og hamna i rullestol. Men familiefaren ville ikkje legge om på den aktive livsstilen, og han utvikla ein rullestol for fjell og terreng. Sjølv trur han det kan vere noko av grunnen til at han vart vald ut i romferdsprosjektet.
– Eg trur dei ser etter folk som har vist handlekraft etter skaden sin. Som har prøvd å skape noko, og ser løysingar og moglegheiter.
Men det er meir som skjer med kroppen etter ein slik skade, enn det ein ser. Det at han ikkje kan stå og gå er berre toppen av isfjellet, seier Groven.
– Det tyngste med ein slik skade er at ein ikkje lenger kan kontrollere naturlege funksjonar. Å gå på do er ein eigen prosedyre. Så det er slike banale ting eg tenkjer på. Korleis skal eg gå på do der oppe?
Viktig for teknologien
Groven og fem andre kandidatar med funksjonsnedsetting er plukka ut til å vere med i prosjektet. I tillegg til to funksjonsfriske, og Nima Shahinian sjølv. Han meiner det kan bli viktig for framtidige romferder å sjå korleis kroppar som Groven sin, taklar å vere ute i verdsrommet.
– Skal vi reise tre år til mars, så må vi ha system som greier å fange opp personar som eventuelt blir skada. Å ha teknologi som kan tilpasse seg menneske, og korleis menneske sine liv og fysikk endrar seg er veldig viktig, forklarer han.
Sigurd skal gjennom eit treningsopplegg i USA.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKLam i vektlaus tilstand
Det er framleis litt som står att før prosjektet blir realisert, ifølge Shahinian. Dei må blant anna ha med seg fleire investorar, og ventar no på eit tidspunkt for når dei kan reise til USA og byrje testinga.
Men Groven har tru på at det blir romferd til slutt. Og det er ein ting han gler seg ekstra mykje til.
– Når du er lam frå brystet og ned, så kjennest det som du drar på ein stor potetsekk heile dagen. Så det å bli vektlaus ser eg eigentleg veldig fram til. Det blir deilig å berre få sveve rundt litt.