Hopp til innhold

Sigrid: – Atomvåpen gjev berre ein illusjon av tryggleik

Artisten Sigrid Raabe var ein av Nobelkonsert-artistane som blei presenterte på Nobelinstituttet måndag formiddag. – Atomvåpen gjev berre ein illusjon av tryggleik, sa Sigrid Raabe.

Sigrid

Sigrid under presentasjonen av artistane som skal delta på Nobel-konserten måndag kveld. Her ved sidan av den verdskjende artisten John Legend.

Foto: NRK

Sigrid Raabe sto ved sidan av artistar som John Legend, Matoma og Zara Larsson på podiet i Nobelinstituttet måndag formiddag.

– Det er ei stor ære å stå her. Det er ei ære, spesielt fordi det er organisasjonen ICAN som er tildelt Nobes fredspris i år, sa Sigrid Raabe.

Sigrid Raabe følgde opp med å ta klar avstand frå atomvåpen. Ho meiner det er berre å avskaffe desse våpena først som sist.

– Eg trur desse våpena berre gjev ein illusjon av tryggleik. Det er ingen grunn til å behalde dei. No vonar eg at nasjonane sluttar seg til avtalane og sørger for å avskaffe atomvåpen, sa Sigrid til pressekorpset.

Sendinga frå Nobel Fredspriskonsert 20.17 tek til klokka 19.45.

Det er duket for den 24. utgaven av Nobels fredspriskonsert, i år til ære for ICAN som jobber for forbud mot atomvåpen. Direkte fra Telenor Arena får vi oppleve flere av verdens ledende artister, som alle ønsker å hylle årets fredsprisvinner. På scenen står blant andre John Legend, Zara Larsson og Sigrid. Kveldens vert er David Oyelowo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL