Sigrid utpeika til ambassadør for Ålesund

ÅLESUND (NRK): Sigrid Solbakk Raabe har erobra heile verda med musikken sin og den naturlege veremåten. I dag blei ho sett pris på og løfta fram som ein viktig ambassadør for heimbyen.

Heider til Sigrid

Ordførar i Ålesund, Eva vinje Aurdal, Sigrid Solbakk Raabe og Håkon Raabe.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Denne T-skjorta kjem eg til å bruke, sa Sigrid Solbakk Raabe då ho fekk overrekt Ålesunds-skjorta måndag. T-skjorta er det synlege beviset på at ho er slått til ekte ambassadør av Ålesund.

– Glad i byen min

På programmet dei komande vekene står Barcelona, Køln, Praha, Amsterdam og Paris. Men Sigrid let det aldri vere tvil: Det er heimbyen Ålesund som står hjarta hennar aller nærast.

– Eg er jo så glad i byen min. Eig veit at folk blir lei av at eg snakkar om Ålesund heile tida. Men det kjem eg aldri til å slutte med. Eg er berre så glad i denne byen, smiler Sigrid og slår hendene saman.

Ho har ei lita pause frå turnélivet. På Instagram avslører ho at påska blir feira i sunnmørsfjella.

View this post on Instagram

I know you know how much I love my hometown but: (!!!!!!!)

A post shared by Sigrid (@thisissigrid) on

Ambassadør for Ålesund

Måndag var det ikkje berre ferie. Då gjekk turen innom rådhuset i Ålesund til høgtidleg feiring i formannskapssalen. På veg inn i salen kasta Sigrid seg om halsen til songlæraren sin Solveig Håvik før ho fekk overrekt ein plakett og T-skjorte med stort raudt hjarte og teksta «E elska Ålesund». Det var ein stolt ordførar som overrekte gåva.

– Sigrid er ein fantastisk artist og eit godt forbilde. Ho har profilert byen både nasjonalt og internasjonalt. Og Ålesund er stolt av henne, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Og det er ikkje berre med måten ho framstår på som musikar ho har gjort seg populær. Den jordnære og naturlege stilen har gjort at ekstra mange har sett pris på artisten.

– Det seier seg sjølv. Ho er genuin som kunstnar, menneske og ikkje minst som ambassadør for Ålesund. Ved sidan av å vere ein stor musikar framstår ho ekte og ujålete. Ho er seg sjølv i ei verd med glamour og kjendisar, seier ordføraren.

– Har gått fort

Med seg på utdelinga hadde Sigrid også musikklæraren sin og ikkje minst ein stolt familie.

– Det er ganske spesielt at det har blitt så stort så fort, seier pappa Håkon Raabe.

– Reiser masse

Etter Paris står både Isle of Wight, fleire stader i Irland, Odense, Glasgow, Montreal, Berlin, Los Angeles, Nashville, Washington, New York, Boston, Toronto, Detroit, Minneapolis blant dei mange verdsbyane som får besøk av Sigrid. Og inn i mellom finn vi både Nordfjordeid og Vang i Valdres. Den offisielle planen strekkjer seg førebels til 7. desember med konsert i Reykjavík.

– Eg hadde ikkje sett for meg at det skulle bli så travelt i år. Men det er stappfullt resten av året. Eg reiser masse. Og nå har vi nettopp sluppe eit album. Det blir endå meir turnering og snart er det festivalsommar, slår den nye ålesundsambassadøren fast.

Sigrid Solbakk Raabe har erobra heile verda med musikken sin og den naturlege veremåten. I dag blei ho sett pris på og løfta fram som ein viktig ambassadør for heimbyen.

Sigrid Solbakk Raabe har erobra heile verda med musikken sin og den naturlege veremåten. I dag blei ho sett pris på og løfta fram som ein viktig ambassadør for heimbyen.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal