Sigrid skapte Twitter-storm i jakta på superfan

«Can we find out who this girl is???» etterlyste Sigrid på Twitter etter å sett den 13 år gamle jenta som gret og song med på alle låtane hennar under Glastonbury Festival i England.

Sigrid Raabe

SKAPTE TWITTER-STORM: Sigrid Solbakk Raabe seier sjølv seier ho ikkje kan vente med å få møte sin store fan.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Det var ikkje vanskeleg for popartisten Sigrid Solbakk Raabe å få auge på 13 år gamle Nina då ho stod på scena under Glastonbury Festival laurdag.

– Eg såg jenta på første rad. Ho song med på alle låtane og såg ut som ho kunne alle tekstane, seier ålesundsartisten til britiske BBC.

Laster Twitter-innhold

Etterlyste fan på Twitter

Så lyst hadde popkometen til å møte den dedikerte fanen at ho kom med ei etterlysing på Twitter:

«(...) I didn't get to meet you, but you were ON FIRE throughout the whole show. thank you so much, I think you inspired everyone to sing along and you definetely made us very happy (...) can we find out who this girl is???»

Og reaksjonane lét ikkje vente på seg. Mange fans kommenterte at jenta si glede også fekk dei til å gråte.

Ein av dei som såg innlegget frå Sigrid, var ein venn av 13-åringen, som svarte med eit bilete av den smilande Nina, medan ho klamra seg til Sigrid si speleliste. Ei gåve ho hadde fått frå sikkerheitsvaktene på slutten av konserten.

– Eg er ein veldig emosjonell person

BBC såg beskjeden, og klarte å sette Nina sin far, Adam, i kontakt med Sigrid sitt management.

Adam (47) hadde tatt med dottera på konsertar og festivalar før, men aldri noko så stort som Glastonbury, og kallar heile opplevinga for «amazing».

Adam og Nina takkar publikum for at dei fekk sleppe fram slik at dei stod heilt fremst på konserten.

– Då ho såg meg synge med ... Eg trur ho peika på meg, eller vinka. Eg er ein veldig emosjonell person, seier Nina, som allereie var så overvelda og glad at ho aldri hadde håpt på at ho skulle få møte den norske songaren.

Men no får altså far og dotter frå South Hampstead i Nord-London billettar til Latitude Festival seinare i juli, der Sigrid skal opptre.

Laster Twitter-innhold

Og artisten sjølv seier ho ikkje kan vente med å få møte Nina. Ho hadde verkeleg lyst til å møte Nina etter konserten i Glastonbury, men det var vanskeleg sidan det er ein så stor festival.

– Takka vere Twitter og BBC fann vi faren, Adam, og eg kan ikkje vente med å møte Nina og Adam på Latitude Festival, seier Sigrid til BBC.