Signerte tre nye kontraktar for SNR

Onsdag signerte SNR-prosjektet kontraktar om leveranse av bustadrigg, avfallssug og heis til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding. Malthus Uniteam AS som er ein del av Algeco fekk kontrakten for leveranse av bustadriggar, kontor, kantine/forpleiing og spisebrakke/lomp til anleggsplassen på Hjelset. Envac Noreg AS fekk kontrakten om komplett leveranse av avfallssug og Schindler AS fekk kontrakten med å levere heisar til akuttsjukehuset.