NRK Meny
Normal

Peikar mot nybygg i sjukehusstriden

Direktøren i Helse Møre og Romsdal ønskjer å bygge eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Astrid Eidsvik

Direktør i Helse Møre og Romsdal Astrid Eidsvik presenterte i dag dei mest aktuelle modellane i den nye sjukehusstrukturen.

Foto: Trond Vestre

Astrid Eidsvik signaliserte eit ønskje om fellessjukehus då ho la fram dei faglege og økonomiske vurderingane om den framtidige sjukehusstrukturen i dag.

– Det er ulike årsaker til det. Først og fremst dei faglege vurderingane som er lagt til grunn, men og uvissa knytt til å byggje vidare på det gamle sjukehuset på Lundavang. Det er ein risiko i seg sjøl.

– Betyr det at det blir eit nybygg?

– Mykje tyder på at mitt råd til styre når vi kjem til desember er basert på ein modell med nybygg, seier Eidsvik.

– Kor sterkt står bynære alternativa i forhold til midt i mellom?

– Det er vanskeleg å seie per i dag. Eg har som utgangspunkt at vi jobbar i forhold til alternativa som er bynært Molde og Kristiansund og eit alternativ som ligg midt imellom. Det er det som vi ser er dei faglege beste alternativa, seier Eidsvik.

Visualisering av løysingsalternativa

Her ser du korleis Helse Møre og Romsdal viser fram dei ulike modellane.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Ser tendensar til løysing

Vurderingar som Helse Møre og Romsdal har gjort konkluderer med at det er fleire moglege modellar for sjukehusstruktur som kan gi eit godt sjukehustilbod for framtida.

– Trass vi her i dag ikkje har konkludert og lagt saman plussar og minusar, ser vi likevel tendenser i dette materialet, som vi ikkje kan sjå vekk ifrå. Det som våre faglege vurderingar er basert på, viser at vi innanfor eit spennrom mellom 2a, 3 og 2b, må finne ei løysing. 0-alternativet og alternativa med akuttsjukehus på dagens tomter i byane er mindre sannsynleg for å møte utfordringane for framtida, seier Eidsvik.

Sjukehus plan

5. september presenterte prosjektleiar Espen Remme og direktør Astrid Eidsvik dei 7 modellane for utviklinga av sjukehustilbodet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Til høyring

Vurderingane som vart lagt fram i dag går ut på høyring med ein frist til 7. november. Høyringssvara skal behandlast i styremøte den 20. november, og direktøren legg fram ei innstilling for avgjerd på styremøte 13. desember.

– Vurderingane vi har gjort av til dømes fagleg robustheit og reiseavstand til sjukehus tyder på at fleire av desse modellane vil kunne gi befolkninga eit godt sjukehustilbod med høg kvalitet i framtida, seier Eidsvik.

Dei sju modellane for sjukehus på Nordmøre og i Romsdal som er lagde fram ser slik ut:

  • Alternativ 0: Vidare drift som i dag. Det er staten som har kravd at også dette skal greiast ut, sjølv om truleg ingen ser dette som aktuelt.
  • Alternativ 1A og 1B: Trinnvis utvikling av dagens sjukehus. Ein by skal ha akuttsjukehus og den andre skal ha dagtilbod og poliklinisk verksemd.
  • Alternativ 2A og 2B: Eit felles akuttsjukehus bynært den eine av byane.
  • Alternativ 3A og 3B: Eitt nytt felles sjukehus «midt mellom» dagens sjukehus.

Presentasjon frå pressekonferanse i Ålesund fredag 28.09 – klikk her