Hopp til innhold

Sigersrekkja brote av to Stokkelien-straffer

Stabæk tok med seg alle poenga frå Idrett, etter at KBK serverte dei to forsøk frå straffemerket. Det enda i to Stokkelien-scoringar.

Mads Stokkelien (i midten)

Mads Stokkelien (i midten) blei matchvinnar for Stabæk med to scoringar etter straffer.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Vi sleit litt med å få stor nok fart i spelet vårt, sjølv om vi gjer ein OK kamp. Det er vel 8–5 i målsjansar favør oss, men då er ikkje differansen større enn at alt kan skje, og det skjedde.

Det sa KBK-trenar Geir Bakke etter 2-1-tapet.

Utlikna og pressa, men Stabæk trakk det lengste strået

Kristiansund opna best på heimebane, men det var Stabæk som scora først. Etter 11 minutt blei Stian Sortevik felt av Olivier N'Siabamfumu, og dommaren peikte på straffemerket.

Jean Alassane Mendy

Jean Alassane Mendy utlikna til 1–1 for Kristiansund. Her frå 3-1-sigeren over HamKam 5. juli.

Foto: Roar Halten / NRK

Mads Stokkelien var straffeskyttar, og sørlendingen banka ballen hardt til høgre for KBK-keeper Roger Berntzen.

Heimelaget pressa og pressa for utlikning, men først etter 74 minutt kom 1–1.

KBK angreip flott, og etter eit innlegg frå venstresida fekk Jan Banan Tømmernes lagt tilbake til Jean Alassane Mendy. Toppscoraren var iskald og la ballen enkelt i mål.

Laget, som stod med fem sigrar på rad før møtet med Stabæk, pressa på for siger, men i staden fekk bortelaget straffe nummer to i det 82. minutt.

Denne gongen var det Christophe Psyché som synda i eigen 16-meter då han felte Luc Kassi. Stokkelien bomma på straffe nummer to, men sette sjølv inn returen sekundet etter.

Kristiansund pressa på for utlikning, men Stabæk stod av stormen og vann 2–1 på Idrett.

Dermed tapte KBK for første gong sidan 2-0-tapet borte mot Bodø/Glimt i mai.

– Synest vi prega matchen

Trenar Bakke var skuffa over å gi vekk to straffer, men meiner samstundes at laget kanskje skulle hatt ei straffe sjølv.

– Vi skulle kanskje hatt ei soleklar sjølv, men nokre gonger går det litt imot, og i dag gjorde det.

Likevel tek han med seg mykje positivt frå kampen mot Stabæk.

– Eg synest vi prega matchen og totalbildet av kampen, men det hender at ein får seg ein på nebbet. Det er synd når vi produserer mest, men slik er det, avslutta Bakke i prat med NRK.