Hopp til innhold

Siger til Kristiansund BK i lokaloppgjer

Hødd kom best i gang, men Kristiansund BK var effektive og fekk mål på sine sjansar. Til pause leda heimelaget, og til slutt enda kampen 2–1 til KBK.

Kristiansund BK- Hødd

Supporterane var klare før kamp, og KBK-supporterane kunne feire då kampen enda 2–1.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Christian Michelsen, hovudtrenar i Kristiansund BK

LETTA: Christian Michelsen, hovudtrenar i Kristiansund BK, var letta etter sigeren mot Hødd.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det smakte utruleg herleg med tre poeng i dag. Det er ein etterlengta heimesiger, seier ein letta hovudtrenar for KBK, Christian Michelsen.

– Me har eit stort ynskje om å ta sigrar på heimebane, og første mogelegheit var i dag. Sjølv om kampen vart litt tettare og jamnare enn kva me hadde drøymt om på førehand, så er det utruleg herleg å sitte att med tre poeng mot eit godt lag, seier han.

Enda 2–1

KBK-Hødd: Jubel etter Ulvestad-scoring

JUBEL: Etter at Ulvestad scora for KBK var det applaus hjå heimesupporterane.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Dan Peter Ulvestad scora sitt fjerde mål i 1. divisjon då han sikra det første målet for KBK i kampen mot Hødd. Målet fekk han på den første målsjansen til laget, berre ti minutt ut i kampen.

Etter 45 minutt blei det nok eit mål for Kristiansund BK, då Tor Erik Torske sette ballen sikkert i mål, nede i hjørnet.

Mål til Hødd vart det i andre omgang, etter 75 minutt ut i kampen. Målet var det Eirik Ulland Andersen som sikra for bortelaget.

– Me er skuffa

Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd blir intervjua av Vikebladet

SKUFFA: Ein skuffa Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd blir intervjua av Vikebladet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Hovudtrenar for Hødd, Sindre Eid var skuffa etter kampen.

– Spelarmessig er me klart betre enn dei i dag, og me er skuffa over at me kastar vekk tre poeng i dag, seier han.

No har Kristiansund BK vunne begge lokaloppgjera, kva synest du om det?

– Det er berre tre poeng, men me sit att med for lite i kampane mot KBK. Me er betre enn dei heime, og me er betre enn dei borte, men me sit att med null poeng, seier Eid.

– Det er skuffande, men Kristiansund er best der kampar blir avgjort og det må me gjere noko med, seier han.

Tøft spel

Innmarsjen på KBK-Hødd

Den nye spelarutgangen på Kristiansund Stadion blei tatt i bruk for første gong før kampen mellom KBK og Hødd.

Foto: Roar Halten / NRK

Det var tøft spel mellom dei to laga, og KBK-spelar Marius Hagen kom mellom anna seint inn i ei takling, og fekk gult kort knappe 14 minutt ut i kampen.

Hoås køyrd med ambulanse

SKADD: Det skal stå bra til med Øyvind Hoås, men etter å ha fått eit kutt i panna vart han køyrd av garde med ambulanse under kampen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Øyvind Hoås som KBK nyleg har skaffa seg frå Hønefoss låg i første omgang nede etter eit samanstøyt med Hødd-spelar Steffen Moltu. Hoås fekk eit kutt i panna og blei køyrd av garde med ambulanse under kampen. Det vart opplyst over høgtalarane at det går bra med Hoås.

Gult kort fekk også Hødd-spelarar Bendik Torset (64) og Eirik Ulland Andersen (75), og KBK-spelar Dan Peter Ulvestad (90).

Få oversikt

Laster innhold, vennligst vent..

Sjå tabellen

Laster innhold, vennligst vent..