Hopp til innhold

Siger for Molde og AaFK

Molde vann 2-1 mot Strømsgodset, medan AaFK vann 2-0 mot Lyn i Oslo.

Moldes Magne Hoseth (t.h.) tar imot hyllest fra publikum

HAR ANDREPLASSEN: Vil det bli jubel for Magne Hoseth og MFK i dag? Molde tek i mot Strømsgodset på Aker stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

AaFK fekk sitt fyrste mål etter tre minutt då Tor Hogne Aarøy vart spelt fri i feltet. Etter 38 minutt auka Glenn Roberts til 2-0 for Ålesundslaget.

I Molde gjekk heimelaget opp til 1-0 etter 34 spelte minutt. Det var Christian Steen som stod bak skåringa.

Molde på andreplass

Molde ligg på andreplass i Eliteserien før kampen mot Strømsgodset. Drammensklubben kjem til Rosenes by for å kjempe om poeng som skal halde dei i øvste divisjon.

Til no i sesongen har dei teke 23 poeng, medan vertane i Molde har 44 poeng, ti poeng mindre enn serieleiarane i Rosenborg.

AaFK må hente poeng

Stabæk - Aalesund

TRENG POENG: Tor Hogne Aarøy og AaFK treng poeng når dei i dag møter Lyn i Oslo.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

AaFK reiser til Ullevaal med nedrykksspøkelset hengande over hovuda. Laget ligg i dag på 13. plass med 24 poeng, berre poenget framfor Strømsgodset som ligg nest sist, og med like mange poeng som Bodø/Glimt.

Lyn ligg sist i Eliteserien med 16 poeng. Dermed er det ein viktig kamp å ta poeng i for Kjetil Rekdal sine utvalde.

Slik var kampane spark for spark:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL