Sigarettsneip kan vere årsaka

Ein sigarettsneip frå ein bil kan vere årsaka til storbrannen på Sandsøya i går kveld.

Brannfolk viser fram skadane etter brannen på Sandsøya.

Fleire personar som NRK var i kontakt med på Sandsøya søndag seier at dei trur nettopp det kan vere årsaka til brannen. Ein bilist som har slengd sneipen ut av vindauget utan å tenke seg om.

Politiet har ikkje planar om å ta turen til øya i dag, men er truleg på plass i morgon.

Utelukkar ikkje sneip

Brannen startar her

Brannen på Sandsøya starta her, like ved vegen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidstrikt vil ikkje kommentere teorien om ein sigarettsneip, men på generelt grunnlag seier han at politiet åtvarar folk mot å gjere nettopp dette. Ikkje minst når det er så knusktørt som no.

Fungerande lensmann i Herøy og Sande, Odd Kulø, seier dei ikkje kan utelukke denne teorien så tørt som det er no. Politiet hadde to patruljar på brannstaden i går kveld, og dei har truleg danna seg av eit bilde av kva som kan ha skjedd.

Starta like ved vegen

NRK var på brannstaden søndag og såg kvar brannen starta. Det var like ved grøfta ved bilvegen.Derifrå spreidde brannen seg truleg raskt langs vegen og oppover langs fjellsida, heldigvis relativt langt unna folk og dyr. Til saman er det svidd av eit område som er rundt ein kilometer langt.

Brannen starta etter at det var mørkt så det er dermed heller ingen grunn til å tru at nokon har starta ein bråtebrann eller noko liknande.

Brannstyrken på Sandsøya

Delar av mannskapet som sløkte brannen på Sandsøya laurdag. Her er dei søndag morgon like før dei vert sende heim.

Foto: Arne Flatin / NRK

Brannmannskapet som sløkte brannen hadde ein stri tørn laurdag kveld.

- Det var litt kritisk ein periode men heldigvis var det vindstille i tillegg til at det kom litt regn undervegs. Det hjelpte på. Vi er heldige at vinden ikkje var slik som han er no på søndag. Det seier Kjell Hauge i Sande brannvesen til NRK.

Kjell Hauge i Sande brannvern

Kjell Hauge i Sande brannvern.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Sløkkingsarbeidet gjekk i grunnen greit for vi fekk fort på plass 6-7 mann og fekk etterkvart også 10 mann frå hovudstasjonen på Larsnes, og hjelp frå Vanylven.

Alt vart sløkt med brannpisk. Vatn vart ikkje brukt i det heile tatt i sløkkingsarbeidet. Klokka 20:10 kom meldinga om at brannen var sløkt, rundt to timar etter at den vart meldt inn.

Fryktar ikkje ny brann

Gudmund Stavik er med i det frivillege brannvernet på Sandsøya. Han bur her ute, og har gjort det dei siste 12 åra. Romsdalingen driv gard på Voksa.

Han fryktar ikkje at det skal begynne å brenne igjen .

Gudmund Stavik, frivilleg brannmann

Gudmund Stavik i det frivillege brannvesenet fryktar ikkje ny brann.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Vi kan ikkje vere redde for det, det går no sikkert bra. Vi kan ikkje berre krisemaksimere heller, seier han. Søndag morgon vart både Gudmund Stavik og dei andre som hadde gått brannvakt om natta dimitterte. Dei fleste reiste tilbake med ferja til Larsnes og kunne seie seg fornøgde med innsatsen sin laurdag kveld. Ein innsats som hindra skade både på folk, dyr og bygningar.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.